Snoopy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Snoopy (i norsk omsetting kalla Sniff) er namnet på Charlie Brown sin hund i teikneseriestripa Knøttene (engelsk Peanuts) av Charles M. Schulz. Snoopy er ein beagle. Schulz hadde eigenleg tenkt å kalle han «Sniffy» heilt til han oppdaga at dette namnet vart brukt i ei anna teikneseriestripe. Teikningar og figurar av hunden er utbreidde over heile verda.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Snoopy byrja livet sitt som ein vanleg hund, men etterkvart lærte han å «snakke» til lesaren ved hjelp av tankebobler. I tillegg til dette, kan mange av dei menneskelege figurane i Peanuts forstå kva han tenkjer. Etterkvart vart han ein av dei mest dynamiske figurane i stripa, og er i dag ein av dei mest populære teikneseriefigurane i verda.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Hunden er glad i å spela roller og å sitja på taket av hundehuset sitt og tenka. Han apt både etter fleire figurar i teikneserien, ei rekke ulike dyr, og kjende figurar, til dømes Mikke Mus og Beethoven. Elles er han kjend for å opptre som eit flygaress frå første verdskrigen og ein forfattar som alltid tek til med setninga «Det var ei mørk og stormfull natt». Den opphavlege byrjinga «It was a dark and stormy night...» er frå romanen Paul Clifford frå 1830 av Edward George Bulwer-Lytton.

Venner[endre | endre wikiteksten]

Eigaren til Snoopy er Charlie Brown, eller Baltus Brun som han heiter på norsk. Men best venner er hunden med den vesle fuglen Woodstock, på norsk Fredrikke. Berre han kan tyda det fuglen seier ved hjelp av utropsteikn.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]