Soúda

Koordinatar: 35°29′19″N 24°09′09″E / 35.48861°N 24.15250°E / 35.48861; 24.15250
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

35°29′19″N 24°09′09″E / 35.48861°N 24.15250°E / 35.48861; 24.15250

Soúda, til høgre ligg den mindre holmen Léon, i Soúdabukta

Soúda (gresk Σούδα) er ei lita øy i Soúdabukta på nordvestkysten av Kreta. I antikken var denne øya ei av to småøyar som vart kalla Leukai («kvite»). Den andre øya er i dag Léon.

Det vart bygd festningsverk på øya av venetianarane på grunn av den strategiske plasseringa, som kontrollerte inngangen til ankerplassen ved Soúdabukta. Dette er i dag framleis ein viktig marinebase for Hellas og NATO. Sjølv om resten av Kreta fall til Det osmanske riket under Kretakrigen (1645–1669), vart festninga på Soúda (i lag med festningane Gramvousa og Spinalonga) verande under venetiansk kontroll fram til 1715, då òg desse fall til osmanarane. På denne tida fungere øya som tilfluktsstad for opprørarar frå Kreta.

I dag høyrer øya til kommunaleininga Soúda i kommunen Khaniá, men er ikkje busett.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]