So av Peter Gabriel
| So Studio av Peter Gabriel |
||
| Utgjeve | 19. mai 1986 | |
| Innspelt | mai 1985 – mars 1986, Ashcombe Studios, nær Bath i England | |
| Sjanger | Poprock, kunstrock, verdsmusikk, eksperimentell rock | |
| Lengd | 46:25 | |
| Selskap | Geffen (USA), Charisma (Storbritannia, Irland)
Real World (2010) |
|
| Produsent | Daniel Lanois, Peter Gabriel | |
| Peter Gabriel-kronologi | ||
|---|---|---|
| Birdy (1985) |
So | Passion (1989) |
| Platemeldingar | |
|---|---|
| Meldingar | |
| Kjelde | Karakter |
| Allmusic | |
| Chicago Tribune | (blanda)[2] |
| Los Angeles Times | (Positive)[3] |
| PopMatters | (særs positiv)[4] |
| *Q | |
| Robert Christgau | B-[5] |
| Rolling Stone | (positiv)[6] |
| The Rolling Stone Album Guide | |
So er det femte studioalbumet (og sjuande i alt) av den britiske rockemusikaren Peter Gabriel. Det kom ut i 1986. Mange av songane er skrivne som meir tradisjonelle popsongar enn på dei førre albuma og fleire vart mykje spelte på radio. Andre songar synte derimot framleis den mørke, eksperimentelle stilen til Gabriel.
Det er det andre albumet til Peter Gabriel produsert av den kanadiske artisten Daniel Lanois. Året før hadde dei to arbeidd saman på Birdy. Lanois hadde tidlegare vore kjend for samarbeidet med Brian Eno og som produsent for U2 sidan 1984. I tillegg til at Lanois tilførte ein del av ambientmusikken han var kjend for inn i songane, var fleire av songane inspirerte av Gabriel si interesse for verdsmusikk.
So er det bestseljande albumet til Gabriel og nådde førsteplassen på albumlista i Storbritannia og andreplassen i USA.[8][9] Det har selt til trippel platina i Storbritannia og fem platina i USA. So vart rangert på 14. plass på lista til Rolling Stone over dei 100 beste albuma frå 1980-åra.[10] og finst på lista i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die.
Innhaldsliste |
Songar [endre]
Albumet byrjar med «Red Rain», som var inspirert av ein tilbakevendande draum Gabriel hadde om å symje i raudt vatn. Av alle songane på albumet reknar Gabriel songen som ein av favorittane hans.[11]
Den andre songen på albumet er den mest populære singelen til Gabriel, «Sledgehammer». «Sledgehammer» er påverka av Motown og verdsmusikk og er kjend for bruken av shakuhachi. Gabriel skildra han som «sjansen min til å få synge som Otis Redding».[12] Videoen til «Sledgehammer» vann prisen for beste musikkvideo hos MTV i 1987 og beste britiske video i 1987 på Brit Awards.[13][14] Han var regissert av Steven Johnson og består av animasjonar gjor av Aardman Animations som er kjend for Wallace and Gromit.[13] Dei dansande kyllingane vart animerte av Nick Park.
Spor 3-6 omfattar ein duett med Kate Bush kalla «Don't Give Up», «That Voice Again» og «In Your Eyes». «Don't Give Up» handlar om øydeleggingane som økonomiske kriser fører til, med støtte og vise ord sungen av Bush i refrenget. «Mercy Street» er tileigna diktaren Anne Sexton og hentar tittelen frå skodespelet Mercy Street frå 1969. «In Your Eyes» vart nytta i ein kjend boombox-scene (ghettoblaster) i filmen Say Anything... (1989).
Spor 7 er «Big Time». Denne songen er ein karikatur av jappetida i 1980-åra og kom med ein musikkvideo laga på liknande vis som «Sledgehammer», men vart mindre populær. Det neste sporet er «We Do What We're Told (Milgram's 37)». Tittelen syner til dei 37 av 40 ettergjevande deltakarane i Milgrameksperimentet 18.
Albumet endar med «This Is the Picture (Excellent Birds)». Songen vart skriven i lag med Laurie Anderson, som òg syng på songen. Songen var ikkje med på den originale vinylutgåva av albumet, men kom med på kassett- og CD-versjonen.
Merknader og ettermæle [endre]
Då albumet kom ut med ny digital lyd i 2003 vart songen «In Your Eyes» frå det femte sporet til det niande. Det var slik Peter Gabriel opphavleg hadde tenkt det, men på grunn av den avgrensa plassen på vinylformatet, måtte han flyttast til første spor på side to.
Songane «Red Rain», «Sledgehammer», «Don't Give Up», «Mercy Street» og «We Do What We're Told» vart alle nytta i episodar av TV-serien Miami Vice.
I 1998 kåra lesarane av musikkmagasinet Q So til det 81. beste albumet gjennom tidene. I 2001 kåra VH1 albumet på 91. plass i ei liknande kåring. Rolling Stone sette albumet på 187. plass på lista si over dei 500 beste albuma gjennom tidene.[15] og på 14. plass på lista over dei 100 beste albuma frå 1980-åra.[16] Albumet vart kåra til det femte beste i 1986 av Kerrang!
Med suksessen til albumet vann Gabriel to spelemannsprisar på Brit Awards i 1987 for beste mannlege soloartist og beste musikkvideo. Han fekk òg fire nomninasjonar til Grammy Award, mellom anna for årets album.[17]
Produksjonen av albumet er dokumentert i ein av episodane i serien Classic Albums.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Peter Gabriel, utanom der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Red Rain» | 5:39 | |||||||
| 2. | «Sledgehammer» | 5:12 | |||||||
| 3. | «Don't Give Up» (med Kate Bush) | 6:33 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 4. | «That Voice Again» (Gabriel, David Rhodes) | 4:53 | |||||||
| 5. | «In Your Eyes» | 5:27 | |||||||
| 6. | «Mercy Street» | 6:22 | |||||||
| 7. | «Big Time» | 4:28 | |||||||
| 8. | «We Do What We're Told (Milgram's 37)» | 3:22 | |||||||
| 9. | «This Is the Picture (Excellent Birds)» (Laurie Anderson, skriven av Anderson og Gabriel) | 4:25 | |||||||
Medverkande [endre]
- Peter Gabriel – vokal, synthesizerar, piano (utanom spor 7), perkusjon på spor 4, LinnDrum på spor 3, 7, 9, Synclavier på spor 9
- Tony Levin – bass (utanom spor 6, 8), basstromme på spor 7
- David Rhodes – gitar (utanom spor 6, 9), korvokal på spor 1, 5
- Jerry Marotta – trommer på spor 1, 5, 8, basstromme på spor 7
- Manu Katché – trommer på spor 2, 3, 4, 5, perkusjon på spor 3, 4, 5, talking drum på spor 5, 9
Andre medverkande [endre]
- Chris Hughes – trompet på spor 2, Linn programming på spor 1
- Stewart Copeland – hi-hat på spor 1, trommer på spor 7
- Daniel Lanois – gitar på spor 1, 2, 4, 7, 9, tamburin på spor 2
- Wayne Jackson – trompet på spor 2, 7, cornet på spor 7
- Mark Rivera – Tenorsaksofon på spor 2, 7, handsama saksofon på spor 6
- Reggie Houston-barytonsaksofon på spor 2,7 forvrengd saksofon på spor 7
- Don Mikkelson – trombone på spor 2, 7
- P. P. Arnold – korvokal på spor 2, 7
- Coral Gordon – korvokal på spor 2, 7
- Dee Lewis – korvokal på spor 2, 7
- Richard Tee – piano på spor 3, 5, 6
- Simon Clark – synthesizer på spor 3, 7, orgel på spor 7, bass på spor 7
- Kate Bush – vokal på spor 3
- L. Shankar – fiolin på spor,4,8
- Larry Klein – bass på spor 5, 6
- Youssou N'Dour – vokal på spor 5
- Michael Been – korvokal på spor 5
- Jim Kerr – korvokal på spor 5
- Ronnie Bright – bass vokal på spor 5
- Ustad Nusrat Fateh Ali Khan-korvokal spor 5
- Renard Poche - piccolotrompet på spor 2,7, dempa trompet på spor 6
- Djalma Correa – surdo, congas, triangel på spor 6
- Jimmy Bralower – Linn på spor 7
- Laurie Anderson – vokal på spor 8
- Bill Laswell – bass på spor 9
- Nile Rodgers – gitar på spor 9
Lister [endre]
| Liste | Plassering |
|---|---|
| Australian Kent Music Report[18] | 5 |
| Austerrike[19] | 1 |
| Canadian Albums Chart[20] | 1 |
| Nederland[21] | 1 |
| Frankrike[22] | 12 |
| Italia[23] | 1 |
| New Zealand[24] | 1 |
| Noreg[25] | 1 |
| Sverige[26] | 2 |
| Sveits[27] | 2 |
| UK Albums Chart[8] | 1 |
| USA Billboard 200[9] | 2 |
| Vest-Tyskland[28] | 2 |
Kjelder [endre]
- ↑ Erlewine, Stephen T. (2011 [last update]). «So - Peter Gabriel | AllMusic». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r1956656. Henta 24. september 2012.
- ↑ Van Matre, Lynn (1986-06-12). «Punk Not Proper Brogue Around The Pogues». http://articles.chicagotribune.com/1986-06-12/features/8602120082_1_pogues-folk-festival-punk. Henta 3. februar 2013.
- ↑ Atkinson, Terry (1986-05-25). «Record Rack: Gabriel's 'So': The Play's The Thing». articles.latimes.com. Los Angeles Times. http://articles.latimes.com/1986-05-25/entertainment/ca-7016_1_peter-gabriel. Henta 3. februar 2013.
- ↑ Baum, David R. (26. august 2003). «Peter Gabriel: So < PopMatters». PopMatters. http://www.popmatters.com/pm/review/gabrielpeter-sofav. Henta 24. september 2012.
- ↑ Christgau, Robert (2011 [last update]). «Robert Christgau: CG: peter gabriel». robertchristgau.com. http://www.robertchristgau.com/get_artist.php?name=peter+gabriel. Henta 24. september 2012.
- ↑ Holmes, Tim (14. august 1986). «So». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/albumreviews/so-19860814. Henta 24. september 2012.
- ↑ «Peter Gabriel: Album Guide». Rolling Stone. http://www.rollingstone.com/music/artists/peter-gabriel/albumguide. Henta 24. september 2012.
- ↑ 8,0 8,1 «Chart Stats - Peter Gabriel - So» (PHP). UK Albums Chart. http://www.chartstats.com/release.php?release=43739. Henta 3. februar 2013.
- ↑ 9,0 9,1 «allmusic ((( So > Charts & Awards > Billboard Albums )))». allmusic.com. http://www.allmusic.com/album/r7916/charts-awards. Henta 2011-10-31.
- ↑ The 100 Greatest Albums Of The 80s. Rolling Stone. Special Issue 1990. Henta 122. oktober 2012
- ↑ "Peter Gabriel: An Authorized Biography» by Spencer Bright, Headline Book Publishing PLC i London, 1989.
- ↑ Interview with Peter Gabriel. Uncut magazine. October 2011.
- ↑ 13,0 13,1 Peter Gabriel, 'Sledgehammer' (1986) - The 30 All-TIME Best musikkvideos Time. Henta 12. oktober 2012
- ↑ The BRITS 1987 Brits.co.uk. Henta 122. oktober 2012
- ↑ Rolling Stone article på Peter Gabriel's So album
- ↑ Rolling Stone,. november 1989.
- ↑ «Grammy Nominations Led by Steve Winwood». The New York Times. Associated Press. 1987-01-10. http://www.nytimes.com/1987/01/10/arts/grammy-nominations-led-by-steve-winwood.html. Henta 3. februar 2013.
- ↑ Kent, David (1993). Australian Chart Book 1970–1992. St Ives, NSW: Australian Chart Book. ISBN 0-646-11917-6.
- ↑ «austriancharts.at Peter Gabriel - So» (på German) (ASP). Hung Medien. http://austriancharts.at/showitem.asp?interpret=Peter+Gabriel&titel=So&cat=a. Henta 3. februar 2013.
- ↑ Library and Archives Canada. Henta 3. februar 2013
- ↑ «dutchcharts.nl Peter Gabriel - So» (ASP). Hung Medien. MegaCharts. http://dutchcharts.nl/showitem.asp?interpret=Peter+Gabriel&titel=So&cat=a. Henta 3. februar 2013.
- ↑ «InfoDisc : Tous les Albums classés par Artiste > Choisir Un Artiste Dans la Liste» (på French). infodisc.fr. http://infodisc.fr/Album_G.php. Henta 3. februar 2013.
- ↑ «Hit Parade Italia - Gli album più venduti del 1986» (på Italian). hitparadeitalia.it. http://www.hitparadeitalia.it/hp_yenda/lpe1986.htm. Henta 3. februar 2013.
- ↑ «charts.org.nz Peter Gabriel - So» (ASP). Hung Medien. Recording Industry Association of New Zealand. http://charts.org.nz/showitem.asp?interpret=Peter+Gabriel&titel=So&cat=a. Henta 3. februar 2013.
- ↑ «norwegiancharts.com Peter Gabriel - So» (ASP). Hung Medien. VG-lista. http://norwegiancharts.com/showitem.asp?interpret=Peter+Gabriel&titel=So&cat=a. Henta 3. februar 2013.
- ↑ «swedishcharts.com Peter Gabriel - So» (på Swedish) (ASP). http://swedishcharts.com/showitem.asp?interpret=Peter+Gabriel&titel=So&cat=a. Henta 3. februar 2013.
- ↑ «Peter Gabriel - So - hitparade.ch» (på German) (ASP). Hung Medien. Swiss Music Charts. http://hitparade.ch/showitem.asp?interpret=Peter+Gabriel&titel=So&cat=a. Henta 3. februar 2013.
- ↑ «Album Search: Peter Gabriel - So» (på German). Media Control. http://www.charts.de/album.asp?artist=Peter+Gabriel&title=So&cat=a&country=de. Henta 3. februar 2013.
| Føregjengar Secret Dreams And Forbidden Fire Bonnie Tyler |
Toppen av VG-lista 6 veker, veker 23–28, 1986 |
Etterfylgjar Revenge Eurythmics |
| 188: Buffalo Springfield Again Buffalo Springfield |
Plassering på lista til Rolling Stone over dei 500 beste albuma gjennom tidene 187 Peter Gabriel – So |
186: Fresh Sly & The Family Stone |
|
|
|
|---|---|
| Studioalbum | Peter Gabriel («Car») · Peter Gabriel («Scratch») · Peter Gabriel («Melt») · Peter Gabriel (Security) · So · Us · Up · Scratch My Back · New Blood · I/O |
| Konsertalbum | Plays Live · Plays Live Highlights · Secret World Live · Live Blood |
| Filmmusikk | Birdy · Passion · OVO · Long Walk Home |
| Samlealbum | Shaking the Tree: Sixteen Golden Greats · Revisited · Hit · Peter Gabriel (The Mail on Sunday) |
| Tyskspråklege album | Ein deutsches Album · Deutsches Album |
| Anna | Genesis · WOMAD |
- Album på toppen av VG-lista
- Peter Gabriel-album
- Musikkalbum frå 1986
- Album produserte av Daniel Lanois
- Album produserte av Peter Gabriel
- Virgin Records-album
- Geffen Records-album
- Charisma Records-album
- Nummer-ein-album i Austerrike
- Nummer-ein-album i Canada
- Nummer-ein-album i New Zealand
- Nummer-ein-album i Nederland
- Nummer-ein-album i Storbritannia
- Beste album gjennom tidene hos Rolling Stone