Soay i Indre Hebridane
| Soay Lokalt namn: Sòdhaigh |
|
|---|---|
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Øygruppe | Indre Hebridane |
| Areal | 10,36 km² |
| Høgaste punkt | Beinn Bhreac (141 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Argyll and Bute |
| Demografi | |
| Folketal | 7 (2001) |
| Folketettleik | 0,7 /km² |
Soay (skotsk-gælisk Sòdhaigh) er ei øy like utanfor Skye i Indre Hebridane i Skottland.
Soay ligg vest for Loch Scavaig ved sørvestkysten av Skye, og mellom desse ligg Soay Sound. I motsetnad til naboøyane Skye og Rùmer Soay lågtliggande og Beinn Bhreac er det høgaste punktet på 141 meter over havet. Øya er forma som ei handvekt og er nesten delt i to av dei to vikene Soay Harbour i nord go hovudvika Camas nan Gall i sør. Den største busetnaden er Mol-chlach ved Camas nan Gall.[1] Ein kan kome til øya med båt frå Elgol.
Historie [endre]
Namnet kjem frå det norrøne so-øy som tyder «Saueøya». Camas nan Gall (gælisk for «Utlendingsbukta») er truleg kalla opp etter vikingane, som heile Hebridane òg er kalla opp etter på gælisk.
Folketalet var størt med 158 i 1851, og etter dette starta Highland clearances, då mange vart tvungne til å flytte.[2]
I 1946 kjøpte forfattaren Gavin Maxwell øya og oppretta ein fabrikk for å handsame kvalolje frå brugder. Føretaket gjekk ikkje bra og varte berre tre år.[3] Maxwell skreiv om dette i boka si Harpoon at a Venture.[4] I løpet av dei tre åra fall talet på brugdene i området kraftig, og har aldri kome seg att etter dette.[1]
Tidlegare var øya hovudsakleg eit skotsk-gælisk-talande område, men dei fleste innbyggjarane vart evakuerte til Mull den 20. juni 1953. Sidan den gong har øya vore tynt folkesett og under folketeljinga i 2001 var det berre sju innbyggjarar her.[1]
Øya har det første soldrivne telefonesambandet i verda.[1]
Det vart gjevne ut lokale frimerker for Soay mellom 1965 og 1967
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Soay, Skye» frå Wikipedia på engelsk, den 21. februar 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Laurance Reed. The Soay of our Forefathers. ISBN 1-84158-229-8.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands. Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
- ↑ Perrott, David (1988). Guide to the Western Islands of Scotland. Edinburgh: Kittiwake. ISBN 0702808865.
- ↑ «Soay Overview». Gazetteer for Scotland. http://www.geo.ed.ac.uk/scotgaz/features/featurefirst1639.html. Henta 21. februar 2010.
- ↑ ISBN 1899863281
|
|
||
|---|---|---|
| Indre Hebridane | Canna · Coll · Colonsay · Danna · Eigg · Eilean Bàn · Eilean Donan · Eilean Shona · Erraid · Gigha · Gometra · Iona · Islay · Isle of Ewe · Jura · Kerrera · Lismore · Lunga · Muck · Mull · Oronsay · Raasay · Rona · Rùm · Sanday · Scalpay · Skye · Slate Islands · Soay · Summer Isles · Tiree · Ulva | |
| Ytre Hebridane | Baleshare · Barra · Benbecula · Berneray · Eriskay · Flodaigh · Fraoch-Eilean · Great Bernera · Grimsay (nord) · Grimsay (sør) · Lewis og Harris · North Uist · Scalpay · South Uist · Vatersay | |