Socialist Party USA

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Socialist Party USA
LandUSA
GrunnleggjararDavid McReynolds
Grunnlagt30. mai 1973
HovudkvarterNew York by
Ideologidemokratisk sosialisme, antikapitalisme, feministisk sosialisme, krigsmotstand Sjå dette på Wikidata

Det amerikanske sosialistpartiet, Socialist Party of the United States of America (SPUSA), er ein etterkommar etter Socialist Party of America, som i si tid blant anna hadde dei store leiarane Eugene Debs og Norman Thomas, og tidvis stod relativt sterkt som tredjeparti i USA i første halvdel av førre hundreåret.

SPUSA er eit demokratisk sosialistisk parti med fleire organiserte tendensar, som går inn for ein demokratisk sosial revolusjon nedanfrå, ikkje ein valdeleg revolusjon ovanfrå der eit parti tar makta. Ungdomsorganisasjonen til partiet heiter Young People's Socialist League.

SPUSA blei danna i 1973 etter at Socialist Party of America blei overtatt av ei gruppe som danna det høgresosialdemokratiske partiet Social Democrats USA. Enda ei gruppe som sprang ut av det gamle sosialistpartiet i 1973 danna sidan Democratic Socialists of America, eit sosialdemokratisk parti som arbeider innanfor Det demokratiske partiet i USA.

SPUSA har dei siste åra vakse frå om lag 600 til om lag 1500 medlemmer. Kandidatar frå SPUSA har gjort det overraskande godt i ein del lokale val, såleis i Oregon, der sosialisten David Gillette fekk nesten 26 % av stemmene i valet til representanthuset i delstaten, og i Milwaukee i 2000, der sosialisten Wendell Harris fekk nesten 20 % av stemmene i ordførarvalet.

SPUSA er det einaste venstresosialistiske partiet i USA. Det er mot både kapitalisme og sovjetkommunisme. Partiet godtar fleire organiserte tendensar i eigne rekkjer, og det er ulike syn i det på korleis eit sosialistisk samfunn kan nåast. Nokre medemmer er reformistar, og ser for seg ein gradvis overgang. Dei ser den nordiske velferdsstatsmodellen som eit viktig delmål. Andre er for ei meir revolusjonær tilnærming til overgangen frå kapitalisme til sosialisme.

SPUSA har i det siste fokusert mest på grasrots- og lokalpolitikk, på kampen mot det militær-industrielle komplekset, ulovleg internering av innvandrarar etter terroråtaka 11. september 2001 og generelt på kampen for å forsvare menneskerettane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]