Sofie av Noreg og Sverige

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sofie av Noreg og Sverige
Anders Zorn - Drottning Sophia 1909.jpg
Dronning Sofie av Noreg og Sverige måla av Anders Zorn
Dronning
Fullt namn Sophie (Sophia) av Nassau
Hus Huset Nassau-Weilburg og Huset Bernadotte
Fødd 9. juli 1836, Wiesbaden-Biebrich
Død 30. desember 1913 (77 år), Stockholm
Ektefelle Oscar II

Sofie av Noreg og Sverige (9. juli 183630. desember 1913) var dronning av Noreg og Sverige. Ho var dotter av hertug Vilhelm I av Nassau og prinsesse Pauline av Württemberg i hertugdømmet Nassau. Sofia gifta seg med den framtidige kong Oscar II den 6. juni 1857 på slottet i Wiesbaden-Biebrich. I Sverige brukte ho namneforma Sophia, i Noreg Sophie.

Sofie var liberal og hadde ein modererande innverknad på mannen sin, blant anna ved krisesituasjonane i unionen mellom Sverige og Noreg. Ho var sterkt skeptisk til den tyske keisaren Vilhelm II, som ho rekna som militaristisk. Dronning Sofie var under sommarferiane i perioden 1892-1904 i Noreg, på garden Skinnarbøl ved Kongsvinger. Som noregsven bidrog ho til at det ikkje vart krig mellom Sverige og Noreg ved unionsoppløysinga i 1905.

I Oslo er Sofies gate og Sofies plass oppkalla etter henne. Ho gav òg i 1902 namnet sitt til sjukehuset Sophies Minde, oppretta i 1892, men flytta til Skådalen i 1902, no ein del av Oslo universitetssykehus HF.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]