Sofies verden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Sofies verden er ei filosofisk roman skreve av forfattaren Jostein Gaarder. Boka vart utgjeven i 1991 med undertittelen: «En roman om filosofiens historie». I 1995 var boka rekna som verdas mest selde roman. «Sofies verden» er oversatt til 54 språk, har seld over 20 millioner eksemplarer og er filmatisert. Det er og laga musikal, brettspel og PC-spel av boka.

[endre] Handling

Hovudpersonen, Sofie, får uventa fleire mystiske brev med filosofiske spørsmål. Mange av breva står under namnet Hilde Møller Knag. Etter kvart får ho eit heilt brevkurs i filosofiens historie som startar med mytene om dei første greske filosofane. Kurset fortrstet deretter med Sokrates, Platon og Aristoteles heilt opp til middelalderen. Ein dag møter ho filosofilerarrn Alberto Knox, som tar henne tilbake til middelalderen og forklarar om dåtidas filosofitenking. Dei reiser saman frå middelaldern og fram til våre dagar. Under reisa møter ho viktige personar som Kant, Kierkegaard, Darwin og Freud.

Spire Denne litteraturartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.
Personlege verktøy