Softs

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Softs
Studioalbum av Soft Machine
Innspelt Januar til mars 1976 i EMI Abbey Road Studios i London
Sjanger Jazz-fusion
Lengd 44:55
Selskap Harvest
Produsent Soft Machine
Kritikk
Soft Machine-kronologi
Bundles
(1975)
Softs Alive & Well: Recorded in Paris
(1978)

Softs er eit album frå 1976 av det britiske progrock og jazz/fusion-bandet Soft Machine, som var eit av dei sentrale banda i Canterbury scene.

John Etheridge erstatta Allan Holdsworth på gitar kort tid etter at det førre albumet, Bundles, kom ut og Alan Wakeman, syskenbarnet til klaverspelaren Rick Wakeman, tok over på saksofon for Karl Jenkins. Karl spelte frå no av berre klaverinstrument. Denne endringa var naudsynt fordi det siste originale bandmedlemmet, Mike Ratledge, forlet bandet i mars 1976, før innspelinga starta. Han er likevel med på to songar, men er ikkje rekna som eit bandmedlem. Wakeman og bassisten Roy Babbington forlet gruppa kort tid etter at albumet kom ut og Wakeman var derfor ikkje medlem lenger enn seks månader.[1]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Karl Jenkins, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
1. «Aubade»     01:49
2. «The Tale of Taliesin»     07:15
3. «Ban-Ban Caliban»     09:19
4. «Song of Aeolus»     04:29
Side to
# Tittel Låtskrivar(ar) Lengd
5. «Out of Season»     05:30
6. «Second Bundle»     02:35
7. «Kayoo»   John Marshall 03:25
8. «The Camden Tandem»   John Etheridge / Marshall 01:50
9. «Nexus»     00:47
10. «One Over the Eight»   Jenkins / Marshall / Etheridge / Alan Wakeman / Roy Babbington 05:26
11. «Etika»   Etheridge 02:21

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

med

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Calyx band profile

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]