Sofus Arctander

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sofus Arctander
Foto: R. Ovesen / Oslo Museum

Sofus Anton Birger Arctander (22. januar 184511. august 1924) var ein norsk politikar, lærar og sorenskrivar. Nils Arctander var bror hans.

Som politikar representerte han partiet VenstreStortingeti fleire periodar. Han arbeidde som fullmektig og sorenskrivar i Lofoten. Han var ordførar i Hadsel 1872–1878, frå 1879 var han stortingsmann. Han var indreminister i Johan Sverdrups regjering (1884–88) og handelsminister i Christian Michelsens regjering frå 1905, frå 31. august til 23. september 1905 var han konstituert statsminister. Andre verv han hadde var borgarmeister i Bergen, tollskrivar i Oslo og president i Odelstinget.

Han var aktiv i Nordlendingenes Forening. I 1912 fekk han Petter Dass-medaljen.

Arctander vart 1. juli 1887utnemnd til kommandør av 1. klasse av St. Olavs Orden «for fortjenstfuld embedsvirksomhed».

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sofus Arctander