Soga om Gisle Sursson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Soga om Gisle Sursson eller Gísla saga Súrssonar (islandsk tittel) er ei av dei mest kjende islendingesogene. Den tar for seg livet til Gisle og utvandringa hans frå Noreg og korleis det gjekk med han på Island. Hovudtemaa i soga er ære, ætt, ettermæle, vennskap og hemnlyst. Kjærleik er i lita grad eit tema. Skrivestilen er i klassisk islendingesogestil med mange innslag av skaldekvad komponert av Gisle, som visstnok var ein stor skald.

Handlinga går føre seg i ei heidensk tid, noko som går klart fram av rituala og haldningane i soga, og forskarane plasserer henne på 900-talet. Soga er derimot ikkje nedskriven før på 1200-talet. Om denne soga, og islendingesogene generelt, er sanne er difor omdiskutert. Soga er skriven som om ho er sann, men på dei hundre åra det tok før ho vart nedskriven kan mykje ha endra seg. Det at ho er skriven slik kan og ha vore eit skjønnlitterært trekk som var moderne på den tida. Ein annan teori går ut på at soga har ein forfattar og på ingen måte er sann.

For meir informasjon om teoriane rundt islendingesogene sitt opphav sjå artikkelen om Islendingesogene.

Samandrag[endre | endre wikiteksten]

Soga byrjar på Nordmøre der vi får høyre om husfaren Torbjørn. Han har tre søner – Torkjell, Gisle og Are, og ei dotter – Tordis. Are vert oppfostra av ein onkel, noko som ikkje var uvanleg og slett ikkje var ei skam.

Torbjørn mistenker Tordis i å stå i med venen til Torkjell, Bård, noko han ikkje synest noko særleg om. Gisle tar difor saka i eigne hender og høgg ned Bård under ein spasertur. Men Bård har hemnlystne vener og etter mykje om og men set dei ei natt fyr på garden til Torbjørn. Torbjørn er likevel oppfinnsam og får familien ut ved å dyppe bukkeskinn i kar med surmyse for så å nytte dei som skjold mot varmen. Det er denne hendinga som er bakgrunnen for at Torbjørn får tilnamnet Sur, og sønene hans vert frå no av heitande Sursson.

Etter ein blodig hemn finn Torbjørn og familien det nødvendig å emigrere til Island. Der slår dei seg ned på den karrige nordvestkysten. Dei ryddar gardar, men Torbjørn har blitt ein gammal mann og døyr kort tid etter. Tordis gifter seg med ein mann som heiter Torgrim og slår seg ned på garden Sæbol. Gisle og Torkjell bur på nabogarden Hol. Der gifter Torkjell seg med Åsgjerd og Gisle med Aud. Bror til Aud, Vestein, og Gisle vert etter kvart særs gode vener.

Det var godt samhald blant mennene på dei to gardane, og ein vår reiser dei, staseleg kledde og med mange menn, til tings saman. Der vert det spådd at samhaldet mellom dei fire ikkje alltid ville vere like godt, og etter som slike utsegn vart tatt veldig på alvor på den tida, tar Gisle til ordet for at dei fire skal sverje blodsbrorskap. Allereie her går det skeis når Torgrim i siste stund nektar å forplikte seg til Vestein. Då trekkjer også Gisle seg unna og seier: ”Eg skal ikkje binde meg i skylnad til den mann som ikkje vil gjere det med Vestein, mågen min”.

Så kjem ei tid der alle dei fire reiser utanlands, til Noreg, Danmark og England, for å gjere handel. Torgrim, Torkjell og Gisle reiser heim til Island etter ei stund, medan Vestein framleis er ute og reiser. Ein dag overhøyrer Torkjell kona hans, Åsgjerd, seie til Aud at ho har eit godt auge til Vestein. Dette vil vise seg å vere starten på slutten for mange menneskeliv. Kort tid etter løyser Torkjell seg frå Gisle og garden Hol for så å flytte inn på Sæbol, hjå Torgrim.

No går det rykte om at Vestein er på veg til Hol. Gisle ensar trøbbel og prøver å hindre han i å koma, men det til inga nytte. Ikkje så lenge etter vert Vestein drepen i si eiga seng med eit spyd stikkande gjennom brystet. Gisle dreg ut spydet or brystet og tar med det på seg å hemne Vestein. Han mistenker Torgrim og får stadfesta dette når Torgrim forsnakkar seg.

Ei natt går difor Gisle til Sæbol og stikk spydet, som tidlegare hadde vore Vestein sin bane, i Torgrim slik at han må bøte med livet. Gisle kjem seg tilbake til Hol att usett. Han vert likevel mistenkt og Bork, bror til Torgrim og no gift med Tordis, drar til tings for å reise sak mot Gisle. Der får han lyst Gisle fredlaus. Dette fører til at Gisle ser det naudsynt å selje garden og slå seg ned ein annan stad. Han ryddar ny gard i den avsidesliggande Geirtjovsfjorden og flytter inn med Aud og ei fosterdotter.

No kjem mange urolege år for Gisle. Han vekslar på å vere på garden i Geirtjovsfjorden og i skjul i utmarka. Bork har nemleg gitt Øyolv Grå tre hundre sølvmyntar for å oppspore og drepe Gisle. Ein vår vert Torkjell brått og uventa hogd ned med sitt eige sverd av to ungdommar som skulle vise seg å vere sønene til Vestein. Dei klarer å stikke av og kjem til garden i Geirtjovsfjorden der dei møter Aud. Då ho forstår kva som har skjedd, skundar ho seg og får dei vekk, for ho veit at Gisle vil drepe dei dersom han får sjå dei. For sjølv om Torkjell har svike han, så er han enno bror hans.

Etter kvart vert Gisle meir og meir plaga av vonde draumar. Ei natt får korkje han, Aud eller fosterdottera sove, og dei tar difor på veg innover mot gøymestaden hans. Der møter dei til sist på Øyolv, som har med seg fjorten mann. Gisle tar opp kampen og kjempar lenge og heltemodig. Han kløyver ein på langs og deler ein annan på midten, og når han sjølv vert råka i mageregionen så strammar han berre beltet strammare slik at innvolane ikkje dett ut. Når så Gisle endeleg døyr ligg fem motstandarar døde og to til døyr på vegen heim.

Øyolv vert godt tatt imot av Bork på Sæbol, men skamma er stor og det er Gisle som har ettermæle i sin favør. Tordis er samstundes lysten på å hemne Gisle, bror hennar, og prøver å køyre eit sverd i magen på Øyolv. Dette lykkast ho ikkje med, og det vert difor skilsmisse.

Mange som er involverte i hemnen etter drapet på Vestein, rømer no ut av landet. I Noreg vert eine sonen til Vestein hogd ned på open gate. Aud reiser til Hedeby i Danmark, der ho let seg kristne.