Soga om Gunnlaug Ormstunge

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Soga om Gunnlaug Ormstunge eller Gunnlaug Ormstunges saga (norr. Gunnlaugs saga ormstungu) er ei islendingesoge. Soga er skriven ned på 1200-talet og er ei skildring av livet til skalden Gunnlaug Ormstunge. Bakgrunnen er eit islandsk hovdingsamfunn på 1000-talet. Ei samlande ordensmakt mangla. I staden var det særs viktig kven ein ætta frå. Om ein var utsett for ei ugjerning kunne ein rekna med hjelp frå ætta si til å få hemn.

Hovudemne i soga er framfor alt ære, men også ulykkeleg kjærleik og inderleg hat. Soga er romantisk og ber preg av påverknad frå dei omsette riddarsogene.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Gunnlaug dreg som ungdom frå Island og ut på reise til kongar og mektige ætter. Av viktige menn kan nemnast Olav Svenske i Sverige og kong Adalsråd i England. Ferdene må Gunnlaug gjere for å syne at han har blitt ein vaksen og mogen mann, slik at han kan få Helga den fagre til kone. Helga hadde Gunnlaug hatt kjærleik til heilt sidan barndomen. Hjå Olav Svenske møter Gunnlaug på skalden Ravn, han òg frå Island. Gunnlaug vanvyrder Ravn sitt hyllingsdikt (flokk) til svenskekongen. Ravn sver å hemna vanvyrdinga. Ravn dreg attende til Island og gjer krav på Helga. Ho var lova vekk til Gunnlaug om han kom attende etter tre år i utlandet. Gunnlaug vert forsinka av Adalsråd i England. Danane (danskane) kom med truslar om krig. Gunnlaug kjem heim den kvelden bryllaupet mellom Ravn og Helga står.

Soga sluttar med at Ravn og Gunnlaug dreg til Noreg for å gå holmgang. Kampforma var nett gjort ulovleg på Island. I holmgangen vert Ravn drepen. Gunnlaug vert skadd slik at han døyr tre dagar seinare. Helga vert gifta vekk til ein ny mann. Seinare døyr ho liggjande med hovudet i fanget til mannen sin. I fanget har ho kappa ho ei gong fekk frå Gunnlaug.

Form og stil[endre | endre wikiteksten]

Kvad vert nytta gjennom heile soga. Tru på skjebne og draumar er òg viktig. Kampen om Helga den fagre vert drøymd av Torstein Egilsson, far til Helga, og spådd av Bergfinn, som dei kalla Austmannen. Han spår dette allereie i byrjinga av soga. Slektsliner og referansar til samtida finst gjennom heile soga. Innføringa av kristendomen og regjerande kongar vert vist til.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]