Sogn Avis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sogn Avis

TypeDagsavis
FormatTabloid
Grunnlagd1993
EigararAmedia[1]
SpråkNorsk (nynorsk)
HovudkvarterHanehaug 23, 6863 Leikanger
Nettstadwww.sognavis.no sognavis.no

Sogn Avis er ei dagsavis som kjem i Leikanger i Sogn og Fjordane. Avisa vart skipa i 1993 då dei to avisene Sogningen/Sogns Avis (S/SA) og Sogn og Fjordane vart slegne saman.

Hovudredaksjonen ligg på Leikanger. Avisa har òg avdelingskontor på Årdalstangen.

Redaktørane i avisa har vore Gerhard Haugland (1993-2000), Jan Inge Fardal (2000-2001, konstituert), Kai Aage Pedersen (2001-2004), Rune Timberlid (2004-2005) og Jan Inge Fardal (2005-2019), Eli Grotle (2020, konstituert) og Arve Uglum (frå 2020). Opplagstala har dei siste åra vore fallande, men var på nytt stigande i 2020 etter at avisa la om til digital publisering som hovudstrategi.

Avisa vert utgjeven av aksjeselskapet Sogningen/Sogns Avis, som sidan 14. oktober 2019 er heileigd av Amedia. Fram til då var eigarskapen i hovudsak lokal, med Husabø-familien som hovudeigar (81,5 prosent), medan A-pressen sat med 10,5 prosent av aksjane etter at utgjevarselskapet kjøpte deira Årdal og Lærdal Avis i 1999.[1]

Sogn Avis er Sogn og Fjordane si nest største avis etter Firda. Avisa vart i 2015 kåra til årets lokalavis av Landslaget for lokalaviser.

Papiravisa[endre | endre wikiteksten]

Frå starten kom Sogn Avis ut med fem utgåver i veka. Fram til 14. oktober 1994 var det måndag som var avisfri dag, men då vart denne flytt til fredag, slik at avisa heretter kom ut måndag-torsdag og laurdag. Sommaren 2019 køyrde avisa mellombels redusert frekvens med tre utgåver i veka (tysdag, torsdag og laurdag), noko som vart gjenteke sommaren 2020. Etter 14. april 2021 vert denne frekvensen gjort permanent.

Sogn Avis vart trykt på Ingvald Husabø Prenteverk på Leikanger fram til hausten 2006, då trykkinga vart flytt til Sogn og Fjordane Avistrykk i Førde, som utgjevarselskapet eig 25 prosent av.

Nettavisa[endre | endre wikiteksten]

Sogn Avis kom på nett i 2001, og lanserte e-avis og utvida nettavisa hausten 2014. Frå 28. januar 2020 har nettavisa vore hovudproduktet til Sogn Avis, etter dei omleggingane som kom i kjølvatnet av Amedia-oppkjøpet.

Opplagstal[endre | endre wikiteksten]

Utvikling i nettoopplag.[2]

År Nettoopplag
2000 10 770
2001 10 486
2002 11 245
2003 11 325
2004 11 203
2005 10 948
2006 10 884
2007 10 423
2008 10 085
2009 10 161
2010 10 053
2014 9 055

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «medieregisteret.no». Henta 7. februar 2008. 
  2. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.