Sokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fun socks.png

Sokkar er klesplagg for føtene som har som føremål å verna mot kulde og slitasje, og for å trekka til seg sveitte. Som regel er sokkar ein udelt pose til å ha rundt foten, men det finst òg tåsokkar, med «fingrar» for tærne. Lengda på sokkar kan variera. Som regel dekker dei okla, men ein del sokkar dekker berre sjølve foten. Dersom dei går opp til kneet eller lenger, blir plagga rekna som strømper.

Sokkar er som regel strikka, ettersom dei skal ha litt strekk og ei viss form for å passa rundt foten. Vanleg sokkemateriale er bomull, ull og nylon. Sokkar blir nesten utan unntak selde parvis. Å ha på seg umake sokkar var lenge eit typisk teikn på ein distre person, men har òg vore på mote.

Vanlegvis bruker ein skor over sokkane når ein går ute, medan ein innandørs kan ha tøflar utanpå sokkane eller gå rundt på sokkelesten. Det finst sokkar med forsterka sålar som òg kan brukast utandørs, til dømes gymsokkar eller tabi.

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sokk