Sol Invictus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sol Invictus.

Sol Invictus er ein solgud som blei dyrka i seinromersk tid. Han hadde ei viktig stilling i offisiell romersk kultus på 200- og 300-talet, fram til all heidenskap blei forboden då kristendommen blei romersk statsreligion. Solguden blei framstilt som ein ung mann med ein strålekrans om hovudet.

Relieff tileigna Mithras som den uslåelege solguden saman med sola (Sol) og månen (Luna).

Det latinske Sol Invictus tyder 'Den uslåelege sola'. Nemningar som invictus eller soli invicto deo ('den uslåelege solguden') blei også nytta om andre gudar, som solguden Apollo, Hercules, Silvanus og den opphavleg orientalske guden Mithras. Det blei også brukt om den syriske solguden Elagabalus (Heliogabalus) som ei kort tid (218–222) blei innsett som øvste guden av keisaren kjend under det same namnet.

Keisar Aurelian som Sol overvinn Palmyrariket.

Under keisar Aurelianus blei dyrkinga av Sol Invictus innført som ein offisiell kultus på linje med dei andre romerske gudar. Aurelian vigde eit storslått tempel til guden i 274. Prestane for guden blei opphøgde til Collegium Pontificum lik presteskapa til dei andre hovudgudane. Aurelianus og fleire seinare romerske keisarar blei framstilte på myntar i form av, eller saman med, solguden. Offisiell romersk heidenskap blei avskaffa av dei kristne keisarane Konstantin og Theodosius på 300-talet. Dyrkinga av Sol Invictus heldt likevel fram til minst 400-talet, då ho blei kritisert av Augustin av Hippo.

Den romerske solguden blei feira 8/9. august, 28. august og 11. desember. Ein romersk kalender frå 354 nemner også 25. desember som natalis invicti, 'fødselsdagen til den uslåelege'. Dette har gjort at ein har sett ein samanheng mellom solguden og feiringa av kristen jul på denne tida, men det er stilt spørsmålsteikn ved denne tolkinga.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sol Invictus

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • «Sōl Invictus». Oxford Dictionary of the Classical World. Ed. John Roberts. Oxford University Press, 2007.