Solage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solage
Føddkring 1360
FødestadFrankrike
Dødkring 1410
DødsstadFrankrike
OpphavFrankrike
SjangerMellomaldermusikk, ars subtilior
Verka somKomponist

Solage (fødd kring 1360, død kring 1410) var ein fransk komponist. Han komponerte dei fleste stykka i Chantilly Codex, den viktigaste kjelda til musikken innan ars subtilior.

Ein kjenner lite til livet hans bortsett frå det ein kan kome fram til ut frå musikken hans. Han kan ha vore knytt til hoffa til Gaston Fébus og Jean, hertugen av Berry, og kanskje til og med pavehoffet i Avignon.

Musikken hans er typisk for perioden på slutten av 1300-talet. Den esoteriske karakteren til musikken hans gjer at han høyrer til Ars subtilior, ei musikalsk utvikling som la vekt på intellektuelle gåter, komplekse rytmar, innvikla kontrapunktiske knep og uvanlege harmoniar, som førte til at musikken høyrdest ganske moderne ut.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Blair Sanderson. «Solage». Allmusic. Henta 31. mars 2010.