Slyngsøtvier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Solanum dulcamara)
Slyngsøtvier
Slyngsøtvier
Slyngsøtvier
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Solanales
Familie: Søtvierfamilien Solanaceae
Underfamilie: Solanoideae
Stamme: Solaneae
Slekt: Søtvierslekta Solanum
Art: Slyngsøtvier S. dulcamara
Vitskapleg namn
Solanum dulcamara

Slyngsøtvier (Solanum dulcamara) er ei fleirårig plante i søtvierslekta i søtvierfamilien (Solanaceae). Ho kan bli 20–200 cm lang, og har ein treaktig bakkestengel som ligg eller slynger seg, og ein øvre plantestengel som er opprett. Heile planta er giftig.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Botanisk illustrasjon av slyngsøtvier (Solanum dulcamara)

Slyngsøtvier har ein klatrande eller liggande, forveda jordstengel, medan øvre del av stengelen er mjuk og raud-lilla. Blada er pilforma eller trekantforma, med inntil fire flikar (pilspisshorn) nærast bladfestet.

Blomstrane er blålilla, har 5 kronblad som ofte er bakoverbøygd, og ein sterkt gul fruktstand med griffel. Bæra opptrer ofte samstundes med blomstringa, og er eggrunde og om lag 5–10 mm lange. Dei går frå grøne til sterkt raude i løpet av midtsommaren.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Blomstringa skjer juni-august, ofte med førekomst av unge skott, fullblomstra kronblad, og bær av ulik mogningsgrad samstundes på same plante. Slyngsøtvier trivst på karrig grunn, fuktig, nitrogenhaldig eller kalkhaldig jord, og kan vekse frå sprekker på berg langs havet. Den trivst òg på sumpmark, i oresump, grøfter, dammar, rundt gardsbruk, og på rullesteinsstrand.

I Norden veks slyngsøtvier langs kysten og i låglandet nord til Nord-Trøndelag og indre Bottenvika.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]