Solblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solblom


Status i Noreg: VU Sårbar

Arnica montana - Köhler–s Medizinal-Pflanzen-015.jpg

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Arnica Solblomslekta
Art: A. montana
Vitskapleg namn
Arnica montana

Solblom er ei urt i korgplantefamilien. Arten si utbreiing ligg innanfor Europa. Planta vert kring 40 cm høg, og har smalt eggforma blad. Stengel og blad korthåra. Seks cm brei korg med kjertelhåra dekkblad. Blomstrar kring juni månad i eng- og lyngmark.

Frø av solblom.

Utbreiing i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Solblom veks vilt i Noreg nord til Romsdal og Sør-Trøndelag, og han er knytt til gammal kulturmark. Solblomen trivst best på ugjødsla slåtteenge og beitemark, eventulet i glissen skog, med svakt sur jord. Arealet av kulturmark knytt til utmarksslåttar og skogsbeite har gått kraftig attende dei siste femti–seksti åra, og solblomen har gått kraftig attende i utbreiing. Han vart karakterisert som sårbarNorsk Raudliste 2006.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Med solblomen følgjer den vesle sommarfuglen solblomengmøll. Han er utelukkande knytt til solblom, og kan følgjeleg leve berre der det veks solblom.

Medisinplante[endre | endre wikiteksten]

Solblom inneheld eterisk olje og har vore brukt som medisinplante. Spritekstrakt av planten har vore bruka på kroniske katarrar, mot muskelsmerter og på sår. Medisinen må brukast med varsemd, på opne så kan han gi verk. Planten skal også ha vore bruka mot kolikk (trommesjyke, fylla) hos kyr.

Planten har mange dialektnamn, mange av dei har bakgrunn i tradisjonell bruk av planten. Ove Arbo Høegh nemner lokale namn som slåttmann, slåtteblom, nyseblomst, hestafivel, sankthansblom, rosseblom, stokksvæve, tobaksrose, tobaksoleie, snusblad, ølkong og fyllegras.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]