Soligalitsj

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Soligalitsj
Солигалич
Byvåpenet til Soligalitsj
Byvåpenet til Soligalitsj


Plassering
Soligalitsj is located in Russland
Soligalitsj is located in Kostroma oblast
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kostroma oblast
Grunnlagd
Bystatus
1335
1778
Geografi
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)

6 600
Koordinatar 59°05′00″N 42°17′00″EKoordinatar: 59°05′00″N 42°17′00″E
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Retningsnummer (tlf) +7 49436

Soligalitsj (russisk Солига́лич) er ein by i Kostroma oblast i Russland med om lag 7 000 innbyggjarar. Byen ligg på høgre breidda av elva Kostroma, rundt 170 km nordaust for Kostroma.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byen oppstod som eit senter for saltverk, som forsynte ikkje berre Russland men òg store delar av Skandinavia med salt. Desse saltverka vart først nemnt i testamentet til Ivan Kalita som Sol-Galitskaja (russisk: Соль-Галицкая, eller «Salt frå Galitsj»).

På slutten av 1300-talet kom saltverka under familien til Dmitrij Sjemjaka og forsynte han med nødvendige inntekter for å kunne føre ein langvarig krig for kontrollen over Moskva. I 1450 vart både Galitsj og Soligalitsj til slutt erobra av Vasilij II av Storfyrstedømet Moskva. På 1500-talet vart saltverk utnytt av Troitse-Sergijeva Lavra og fem andre kloster. Busetnaden vart fleire gonger plyndra av Kazan-tatarar og udmurtar.

I 1609 vart Soligalitsj sete for ein vojvod. Han vart igjen plyndra av ein av dei polske hærane som streifa rundt i Russland under urotida i Russland. I 1649 vart trebyen øydelagd av brann. Mot slutten av 1600-talet vart eit halvt dusin kyrkjer gjenoppbygd i stein og dei eksisterer framleis.

I 1708 vart Soligalitsj ein del av Arkhangelsk gubernija. Sytti år seinare vart det separate Kostroma gubernija danna, med Soligalitsj som eit av ujezd-sentra.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Byen er i dag kjend som ein spa-stad, sidan han har mineralkjelder, silt- og mudderbad.

Kjende folk frå Soligalitsj[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.