Solihull

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Solihull

Solihull High Street
Solihull High Street
Plassering
Solihull is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap West Midlands
Distrikt Solihull
Grunnlagd Mellomalderen
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2007)

96 799
Koordinatar 52°25′″N 1°46′″WKoordinatar: 52°25′″N 1°46′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer B36, B37, B40, B90, B91, B92, B93, B95
Telefon-retningsnummer 0121
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Solihull

Solihull er ein by i grevskapet West Midlands i England. Han ligg søraust for Birmingham, og utgjer saman med Birmingham, Wolverhampton og Black Country det nest største urbaniserte området i England. Folketalet er kring 100 000.

Før 1974 var Solihull ein valkrins (borough) åleine, men det året vart byen slått saman med området rundt Meridien til ein større valkrets. Denne inkluderer òg distrikta Shirley og Castle Bromwich.

The Old Manor House, i Tudorstil

Solihull er no ein forstad til Birmingham, som han har vakse saman med. Byen er kjent for den historiske arkitekturen sin, blant anna fleire bindingsverkshus i Tudorstil. Ein skulebygning i sentrum er frå 1560. Det er ein populær handlestad, med ein sentral handlesplass frå 1960-åra. Eit moderne kjøpesenter, Touchwood Centre, vart opna av dronning Elisabeth II 2. juli 2002, under jubileumsferda hennar.

Eit av dei største føretaka er Land Rover, som har hovudkontoret sitt i byen. Andre viktige industriprodukt er kjemikaliar og verktøy.

Det nasjonale utstillingssenter, som særs mange trur ligg i Birmingham, ligg i Solihull. Det gjer òg det meste av Birmingham internasjonale flyplass.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]