Solinasjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solinasjøen
Solinasjøen - Innsjøen sett frå demninga
Innsjøen sett frå demninga
Stad Bieszczady
Koordinatar 49°22′27″N 22°27′8″EKoordinatar: 49°22′27″N 22°27′8″E
Type innsjø Kunstig innsjø
Tilsig San
Utsig San
Tilknytte land Flag of Poland.svg Polen
Overflateareal 22 km²
Kystlengd1 150 km
Busetnadar Solina, Myczkowce, Polańczyk
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Solinasjøen (polsk: Jezioro Solińskie) er ein kunstig innsjø i Bieszczadyfjella, i Lesko fylke i Subkarpatiske voivodskap i Polen.

Innsjøen vart danna i 1968 då Solinademninga vart bygd i elva San. Han har eit areal på 22 km² og inneheld 472 millionar kubikkmeter vatn, noko som gjer han til den største kunstige innsjøen i landet.

Innsjøen er ein av dei største turistattraksjonane i området med landsbyar langs breiddene som Solina, Myczkowce og Polańczyk. Innsjøen er djup med klårt vatn og omgjeve av fjell.

Sidan byrjinga av 1970-åra har Wojewódzkie Przedsiębiorstwo Turystyczne (offentleg turistforeining) hatt mange båtar på innsjøen.

Seglbåtar på innsjøen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Solinasjøen