Solingen

Koordinatar: 51°10′0″N 7°5′0″E / 51.16667°N 7.08333°E / 51.16667; 7.08333
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solingen
Clemenskirche i Solingen
Clemenskirche i Solingen
Clemenskirche i Solingen
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Solingen
Solingen is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Nordrhein-Westfalen
Düsseldorf
Kreisfri by
Grunnlagd 1862
Geografi
Flatevidd
 - By

89,45 km²
Innbyggjarar
 - By (2006)
   - folketettleik

163 263
  1 832/km²
Koordinatar 51°10′0″N 7°5′0″E / 51.16667°N 7.08333°E / 51.16667; 7.08333
Høgd over havet 53-276 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 42601-42719
Telefon-retningsnummer 0212
Bilnummer SG
Heimeside: www.solingen.de

Solingen er ein by i Tyskland i delstaten Nordrhein-Westfalen med om lag 165 000 innbyggjarar. Byen ligg i nord i området Bergisches Land, sør for Ruhr-området.

Solingen er kjend for lange tradisjonar med å lage fine sverd, knivar, sakser og andre knivreiskap med selskap som Wüsthof, Zwilling (J.A. Henckels), Boker og fleire andre.

Seint på 1600-talet gjorde ei gruppe sverdsmedar frå Sollingen edsbrot då dei tok med seg sverdmakarløyndomen til Shotley Bridge i County Durham i England, som var ein ideell stad med store jernressursar ved elva Derwent. 90 % av tyske knivar vert produsert i Solingen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Solingen vart først nemnd i 1067 som Solonchon. Han var ein liten landsby i fleire hundreår, men vart ein festningsby på 1400-talet. Under den andre verdskrigen vart gamlebyen totalt øydelagd under bombetok i 1944 og 1 040 menneske omkom. I dag er det derfor få attraksjonar igjen i sentrum, sidan lite av gamlebyen vart bygd opp att.

I 1929 vart Ohligs, som låg i den prøyssiske provinsen Rhein, 27 km nord for Köln, ein del av Solingen. Den største industrien i byen var kniv- og våpenproduksjon, og her var jernstøyperi og møller. Andre industriar var brygging, farging, veving og produksjon av mursteinar. Før 1891 var byen kjend som Merscheid.

I nyare tid byen vart kjend på grunn av ein brann i 1993 der to vaksne kvinner og tre jenter i eit tyrkisk hus døydde i ein påsett brann. Sju andre personar vart skada. Ein meiner det var nynazistar som starta brannen.[1]Hendinga vart enno meir kontroversiell då den tyske kanslaren Helmut Kohl nekta å delta i gravferda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Solingen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]