Solitary Man av Neil Diamond

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solitary Man
Singel av Neil Diamond
frå albumet The Feel of Neil Diamond
B-side «Do It» (1966)
«The Time Is Now» (1970)
Utgjeve 4. april 1966[1]
Sjanger Rock
Lengd 2:27
Selskap Bang
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Produsent Jeff Barry & Ellie Greenwich
Neil Diamond-kronologi
«At Night»
(1963)
Solitary Man «Cherry, Cherry»
(1966)

«Solitary Man» er ein hitsong frå 1966, skriven og opphavleg spelt inn av Neil Diamond. Han har sidan vorte spelt inn av mange andre artistar som Billy Joe Royal, B.J. Thomas, Jay and the Americans, T. G. Sheppard, Gianni Morandi, The Sidewinders, Chris Isaak, Johnny Cash, Johnny Rivers, HIM, Crooked Fingers, Cliff Richard, Skin Flesh & Bones og Ólöf Arnalds.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Han vart opphavleg gjeve ut på Bang Records i april 1966. «Solitary Man» var den første singelen til Diamond som plateartistar etter å ha hatt moderat suksess som låtskrivar for andre artistar.[1] I juli vart songen ein liten hit og nådde 55. plassen på Billboard Hot 100.[1] Han vart så gjeven ut på debutalbumet til Diamond, The Feel of Neil Diamond, i august 1966.[1]

Songen handlar om ein ung, mislukka romantisk mann og delar av teksten seier:

Don't know that I will,
But until, I can find me
...
I'll be, what I am —
A solitary man ...
Solitary man.

«Solitary man» tyder «einsam mann» og har vorte knytt til Diamond sjølv.[2] Diamond sa sjølv i intervju i 2000-åra, «etter fire år med freudianske analysar forstod eg at eg hadde skrive 'Solitary Man' om meg sjølv.»[3]

Den dynamiske melodien i «Solitary Man» i lag med den melankolske, allmengyldige teksten gjorde at han skulle bli tolka mange gonger i seinare tid.

Etter at Diamond hadde fått ny kommersiell suksess med Uni Records mot slutten av tiåret, gav Bang Records ut «Solitary Man» som singel og han nådde då 21. plassen på poplista i USA sommaren 1970.[4]

Han spelte opphavleg inn to versjonar av songen, som han seinare gjorde med «Cherry, Cherry». Ein av dei hadde med han sjølv på harmonivokal på refrenget, medan han syng den andre heilt aleine. På konsertalbum som Gold: Recorded Live at the Troubadour, Hot August Night og somme andre innspelingar, endra Diamond teksten til «then you came along» frå den originale «then Sue came along».

I 2005 skreiv Dan Epstein i Rolling Stone «'Solitary Man' er ein av dei mest glimrande og effektive songane i samlinga til Diamond. Han har ikkje brukt eit ord eller akkord for mykje i denne 2,5 minuttar lange hymnen om hjartesorg og sjølvstadfesting, som introduserte den melankolske, einsame personen han seinare vendte attende til å mange gonger gjennom karrieren.»[5]

T. G. Sheppard-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Solitary Man
av T.G. Sheppard
frå albumet Solitary Man
Utgjeve 1976
Sjanger Country
Lengd 2:39
Selskap Hitsville
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
T.G. Sheppard-kronologi
«Motels and Memories»
(1975)
Solitary Man "Show Me a Man"
(1976)

I 1976 gav T. G. Sheppard ut ein versjon av songen for Hitsville Records. Han nådde 14. plasse på countrylista (Hot Country Songs) og 100. plass på Hot 100.

Gianni Morandi-versjonen[endre | endre wikiteksten]

I 1966 spelte den kjende italienske songaren Gianni Morandi ein versjon av songen kalla «Se perdo anche te» («Om eg mistar deg òg»). Den italienske teksten var skriven av Franco Migliacci, som var produsenten til Morandi på den tida, og som åtte år tidlegare hadde skriven teksten til den internasjonale hitten tli Domenico Modugno sin «Nel blu, dipinto di blu (Volare)».
Songen var arrangert av Ennio Morricone, som på den tida var dirigent for mange melodiar publiserte av det italienske RCA Victor, og som var B-sida til «C'era un ragazzo che come me amava i Beatles e i Rolling Stones» («Det var ein gut som, som meg, elska the Beatles og the Rolling Stones»), ein song mot Vietnamkrigen.

The Sidewinders-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Det alternative rockebandet The Sidewinders frå Arizona spelte inn ein versjon av songen i 1989 på hitalbumet deira Witchdoctor.[6]

Chris Isaak-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Solitary Man
Singel av Chris Isaak
frå albumet San Francisco Days
B-side «Wicked Game»
Utgjeve 1993
Sjanger Rock
Lengd 2:37
Selskap Reprise
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Chris Isaak-kronologi
«San Francisco Days»
(1993)
Solitary Man «Somebody's Crying»
(1995)

Chris Isaak spelte inn «Solitary Man» som det siste sporet på albumet San Francisco Days i 1993. Musikkvideoen for songen vart regissert av Larry Clark.

Johnny Cash-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Solitary Man
Song av Johnny Cash
frå albumet American III: Solitary Man
Utgjeve 17. oktober 2000
Sjanger Country
Lengd 2:26
Selskap American Recordings
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Produsent John Carter Cash, Rick Rubin

Johnny Cash spelte inn «Solitary Man» som tittelsporet for det tredje albumet hans i serien American Recordings, som kom ut i 2000. Innspelinga gav han ein Grammy Award for beste mannlege countrysong med vokal. Innspelinga av songen vart nytta i den nest siste episoden av Stargate Atlantis, «Vegas». Innspelinga vart òg nytta under opningsteksten for filmen Solitary Man (2010) med Michael Douglas.

HIM-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Solitary Man
Singel av HIM
frå albumet
And Love Said No: The Greatest Hits 1997–2004
Utgjeve Mars 2004
Innspelt 2004
Sjanger Rock
Produsent HIM
HIM-kronologi
«The Sacrament»
(2003)
Solitary Man «And Love Said No»
(2004)

I 2004 spelte det finske bandet HIM inn «Solitary Man» for det første samlealbumet deira, And Love Said No: The Greatest Hits 1997–2004. Han vart først gjeve ut som singel med ein musikkvideoen produsert av Bam Margera.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (2006) Plassering
Finland 2
UK Singles Chart 9
Tyskland 17
Sveits 40
Austerrike 45

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre artistar som har spelt inn songen er mellom andre Crooked Fingers, Cliff Richard i 1966, Skin Flesh & Bones (reggaeversjon frå 1974), Tony Carey og Jussi Syren And The Groundbreakers.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 William Ruhlmann. «Neil Diamond: Biography». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/p4083/biography. Henta 20. august 2013. 
  2. Neil McCormick (2008-03-05). «Neil Diamond: the hurt, the dirt, the shirts». The Daily Telegraph. 
  3. Pete Paphides (2006-04-07). «I’ll be what I am. A solitary man». The Times. 
  4. Whitburn, Joel (1983). The Billboard Book of Top 40 Hits: 1955 to present. Billboard Publications. ISBN 0-8230-7511-7.  s. 88.
  5. Dan Epstein (2005-11-03). «Neil Diamonds' Jewels». Rolling Stone. 
  6. The Sidewinders; Witchdoctor (Allmusic)