Sollefteå kommun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sollefteå kommun
Sollefteå vapen.svg
Kommunevåpenet til Sollefteå kommun
Len Västernorrlands län
Landskap Ångermanland
Areal 5 761,82 km²
 – Landareal 5 397,82 km²
 – Vassareal 364 km²
Folketal 20 016
Kommunenummer 2283
Kart
Solleftea Municipality in Västernorrland County.png

Sollefteå kommune ligg i det svenske länet Västernorrlands län i landskapet Ångermanland i landsdelen Norrland. Kommunen har grensar til nabokommunsne Örnsköldsvik, Kramfors, Härnösand, Sundsvall, Ragunda, Strömsund, Dorotea og Åsele. Administrasjonssenteret i kommunen ligg i Sollefteå.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Sollefteå by

Landskapet er kupert og skogdekt. Ångermanälven renn gjennom kommunen i dalføret Ådalen. Faxälven munnar ut i Ångermanälven ved Sollefteå. Vassdraga i kommunen er sterk utbygd og 16 kraftverk bidrar til at kommunen er den nest største vasskraftprodusenten i Sverige.

Kommunen er knytt til det svenske jernbanenettet gjennom Ådalsbanan og Stambanan genom övre Norrland. Kramfors-Sollefteå flyplats ligg i nabokommunen Kramfors.

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Sollefteå kommune hadde seks tettstader i 2005. Folketalet i tabellen er frå 31. desember 2005.

# Tettstad Innbyggjarar
1. Sollefteå 8 530
2. Långsele 1 620
3. Ramsele 964
4. Junsele 958
5. Näsåker 541
6. Österforse 245

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Offisiell heimeside