Solomon's Seal
| Solomon's Seal Studioalbum av Pentangle |
||
| Sjanger | Folkrock | |
| Lengd | 33:58 | |
| Selskap | Reprise | |
| Produsent | Pentangle & John Wood | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Pentangle-kronologi | ||
| Reflection (1971) |
Solomon's Seal | History Book (1972) |
Solomon's Seal var eit album frå 1972 av det britiske folkrockbandet Pentangle: Terry Cox, Bert Jansch, Jacqui McShee, John Renbourn og Danny Thompson. Det var det siste albumet deira med den originale Pentangle-besetninga, før bandet vart oppløyst i 1973. Jacqui McShee har sagt at det er hennar favorittalbum av bandet.[1]
Solomon's Seal vart spelt inn i Sound Techniques studio, London, mellom februar og mars 1972. Kontrakten til Pentangle med Transatlantic hadde gått ut, og midt under ein krangel med Transatlantic om honorar, byta bandet til Warner/Reprise, som hadde vore distributøren deira i USA. Albumet kom ut i september 1972, samstundes med at bandet la ut på ein ny turne. I starten av 1973 vart bandet lagt ned og plata selde skuffande, og bandmedlemmene måtte betale gjelda etter innspelinga til ut i 1980-åra.[2]
Albumet opnar med versjonen deira av Cyril Tawney-songen om den tapte kjærleiken til ein sjømann: «Sally Free and Easy». I motsetnad til den vanlege sjantiutgåva, handsamar Pentangel songen som ein langsam blues. Resten av albumet er delt mellom tradisjonelle songar og deira eigne komposisjonar.
Innhald [endre]
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
|---|---|---|---|
| 1. | «Sally Free And Easy» | Cyril Tawney | 03:55 |
| 2. | «The Cherry Tree Carol» | Trad. arr. Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee | 02:57 |
| 3. | «The Snows» | Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee | 03:43 |
| 4. | «High Germany» | Trad. arr. Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee | 03:15 |
| 5. | «People On The Highway» | Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee | 04:46 |
| 6. | «Willy O' Winsbury» | Trad. arr. Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee | 06:50 |
| 7. | «No Love Is Sorrow» | Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee | 02:41 |
| 8. | «Jump Baby Jump» | Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee | 03:10 |
| 9. | «Lady Of Carlisle» | Trad. arr. Jansch, Renbourn, Thompson, Cox, McShee | 04:41 |
Merk at «The Snows» står oppført som ein Pentangel-song, men er i røynda ein tradisjonell song.
Medverkande [endre]
- Terry Cox – trommer, perkusjon, fingercymbal, vokal
- Bert Jansch – akustisk gitar, dulcimer, munnspel, banjo, vokal
- Jacqui McShee – vokal
- John Renbourn – akustisk gitar, elektrisk gitar, sitar, banjo, blokkfløyte, vokal
- Danny Thompson – kontrabass
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Solomon's Seal (album)» frå Wikipedia på engelsk, den 4. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Harper, Colin (2006). Dazzling Stranger: Bert Jansch and the British Folk and Blues Revival (2006 edition). Bloomsbury. s. 237. ISBN 0-7475-8725-6.
- ↑ Harper s.268