Solsystemet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk

Solsystemet består av sola og dei himmellekamane som er bunden av gravitasjonen hennar.

[endre] Solsystemet vårt

Illustrasjon av solsystemet vårt i storleiksskala (men ikkje avstandsskala). Frå venstre mot høgre ligg lekamane: Sola, Merkur, Venus, jorda (Tellus), Mars, Jupiter, Saturn, Uranus, Neptun og Pluto.
Illustrasjon av solsystemet vårt i storleiksskala (men ikkje avstandsskala). Frå venstre mot høgre ligg lekamane: Sola, Merkur, Venus, jorda (Tellus), Mars, Jupiter, Saturn, Uranus, Neptun og Pluto.

Planeten vår, jorda, inngår i eit planetsystem med stjerna sola i sentrum. Dette kallast ofte berre Solsystemet. Solsystemet er ein del av galaksa Mjølkevegen, og ligg omtrent 25 000 – 28 000 ljosår frå galaksas sentrum. Solsystemet kretsar rundt Mjølkevegens sentrum med ein fart på omtrent 220 km/s, og brukar 226 millionar år på eit omløp.

Solsystemet vårt inneheld sola, åtte planetar, åtte kjende dvergplanetar, over hundre kjende månar, og titusenvis av mindre himmellekamar som asteroidar, kometar og kuiperlekamar.

Planetane er, frå inst til ytst: Merkur (☿), Venus (♀), jorda/Tellus (♁), Mars (♂), Jupiter (♃), Saturn (♄), Uranus () og Neptun (♆), og tradisjonelt òg Pluto (♇). Alle namna så nær som jorda er henta frå romersk mytologi. Alle planetane bortsett frå Pluto har vore vitja av romsondar frå jorda i løpet av dei siste tiåra.

[endre] Oppfatningar av Solsystemet

Det er først i relativt nyare tid menneska har hatt den oppfatninga av Solsystemet som vi har i dag. Tidlegare trudde ein at jorda var i sentrum, og at alle andre himmellekamar kretsa rundt henne. Denne tankegangen er ikkje så rar, sett med datidas auge. Det var få instrument ein kunne sjå himmellekamane klårt med på den tida, dei få som eksisterte var for dårlege til å danne eit klårt bilete av heilskapen. Difor var det først når ny teknikk kom at menneska innsåg at det var sola som var sentrum i solsystemet, og at jorda berre var ein planet som dei andre planetane.

Det var Nikolaus Kopernikus som først laga ein vitskapleg modell av Solsystemet. Planetane går i elliptiske banar rundt sola. Alle kretsar i same retning (med urvisaren, sett frå eit punkt over den sørlege halvkula; mot urvisaren viss du svevar over Nordpolen), men med ulik fart. Alle banane ligg i same plan. Dette kunne astronomane rekna seg fram til basert på observasjonar gjorde med teleskop. Mesteparten av det andre me i dag veit om vårt eige solsystem, har vorte skaffa til vege av romsondar.


[endre] Lenkje ut

Dei ni planetane (Universitetet i Oslo)

Commons har multimedia som gjeld: Solsystemet
Solsystemet
Sola Merkur Venus Månen Jorda Phobos og Deimos Mars Ceres Asteroidebeltet Jupiter Jupitermånar Saturn Saturnmånar Uranus Uranusmånar Neptunmånar Neptun Plutomånar Pluto Kuiperbeltet Dysnomia Eris Den spreidde skiva Oorts sky
Sola · Merkur · Venus · Jorda · Mars · Ceres · Jupiter · Saturn · Uranus · Neptun · Pluto · Eris
planetar · dvergplanetar · månar: Månen · marsmånar · jupitermånar · saturnmånar · uranusmånar · neptunmånar · plutomånar · erismånen
smålekamar:   meteoroidar · asteroidar/asteroidemånar (asteroidebeltet) · kentaurar · TNOar (kuiperbeltet/den spreidde skiva) · kometar (Oorts sky)
Sjå òg himmellekamar, liste over lekamar i solsystemet, sorterte etter radius eller masse, samt solsystemportalen
Astronomi Denne astronomiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over astronomispirer.


Personlege verktøy