Solund kommune
| Solund kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1412 |
| Fylke | Sogn og Fjordane |
| Adm.senter | Hardbakke |
| Areal | 228 km² |
| Folkemengd | 854 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2011-) | Ole Gunnar Krakhellen (H) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.solund.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Solund kommune på Commons | |
Koordinatar: Solund er ein øykommune vest i Sogn og Fjordane fylke.
Innhaldsliste |
Kommunesoge [endre]
Solund kommune vart skipa i 1858, frå starten heitte kommunen Utvær. Området hadde før det høyrd til Gulen kommune. Ved skipinga budde det 1384 personar i kommunen.[2] I 1888 vart garden Krakken overførd til Solund frå Hyllestad kommune, og gardsnummer 54-61 overførde til Solund frå Askvoll kommune. Namnet på kommunen vart endra frå Utvær til Sulen i 1890, og i 1923 vart det endra frå Sulen til Solund.[3] Øya Losna vart overførd til Solund frå Gulen kommune i 1964.[4]
Folketalsutvikling [endre]
Etter dei store kommunesamanslåingane på 1960-talet vart Solund kommune den minste kommunen i Sogn og Fjordane etter folketal og har vore det sidan, med unntak av åra 1977 til 1979, då Hornindal kommune var mindre. Då folketalet gjekk under 1000 i 1999, vart Solund den einaste kommunen i Sogn og Fjordane med under tusen innbyggjarar, og per 2010 er han endå åleine om dette i fylket.
Folketalsutvikling for Sulen/Solund kommune frå 1920:
| 1.12.1920[5] | 1.12.1930[6] | 3.12.1946[6] | 1.1.1951[7] | 1.1.1961[7] | 1.1.1971[7] | 1.1.1981[7] | 1.1.1991[7] | 1.1.2001[7] | 1.1.2010[7] |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| 1839a | 1882a | 1910a | 1802a | 1655a | 1316 | 1191 | 1133 | 937 | 867 |
- a Talet omfattar ikkje øya Losna, som var del av Gulen kommune fram til 1964, då ho vart overført til Solund kommune. Øya hadde då 40 innbyggjarar.
Solund sokn og prestegjeld [endre]
Solund er eit kyrkjesokn i Ytre Sogn prosti, og det var fram til 2004 eit prestegjeld. Prestegjeldet vart oppretta i 1888 ved at Husøy og Solund sokn vart skilde ut frå Gulen prestegjeld. Tre år etter vart Hersvik skild ut som eige sokn frå Solund sokn.[8] Prestegjeldet hadde sokna Hersvik, Husøy og Solund fram til 2000, då vart dei tre slegne saman til eitt felles sokn som fekk namnet Solund.[9] Frå 2004 har prosten i Ytre Sogn prosti leia prestetensta i Solund, og prestgjeldet er nedlagt. Soknet har tre kyrkjer; Hersvik kyrkje, Husøy kyrkje og Solund kyrkje. Lengre attende i tid har det vore kapell på Utvær og på Lågøy, og i periodar har delar av det som no er Solund sokn høyrd til under Øn sokn i Hyllestad prestegjeld og Vilnes sokn i Askvoll prestegjeld.
Kjende personar frå Solund [endre]
- Bernhard Færøyvik båtgranskar
Fotnotar [endre]
- ↑ Kjelde: SSB
- ↑ Dag Juvkvam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen på nettstaden til Statistisk sentralbyrå, s. 53
- ↑ Dag Juvkvam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen på nettstaden til Statistisk sentralbyrå, s. 57
- ↑ Dag Juvkvam: Historisk oversikt over endringer i kommune- og fylkesinndelingen på nettstaden til Statistisk sentralbyrå, s. 56
- ↑ Statistisk årbok for kongeriket Norge 40de årgang, 1920 (Det statistiske centralbyrå, 1921)
- ↑ 6,0 6,1 Statistisk årbok for Norge 69. årgang, 1950 (Statistisk sentralbyrå, 1950)
- ↑ 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 7,6 Folkemengd i Solund 1. januar kvart år frå 1951, frå Statistisk sentralbyrå
- ↑ «Kirkebøker, Sogn og Fjordane» på nettstaden til Arkivverket
- ↑ Margrethe Henden Aaraas og Sigurd Vengen: «Solund kyrkje» på nettstaden til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane
Bakgrunnsstoff [endre]
- Kommunefakta Sogn og Fjordane (Statistisk Sentralbyrå)
- Om Solund sokn på nettstaden til Den norske kyrkja
| Kommunar i Sogn og Fjordane | ||
|---|---|---|
| Sogn | Aurland · Balestrand · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Leikanger · Luster · Lærdal · Sogndal · Solund · Vik · Årdal | |
| Sunnfjord | Askvoll · Bremanger · Fjaler · Flora · Førde · Gaular · Jølster · Naustdal | |
| Nordfjord | Bremanger · Eid · Gloppen · Hornindal · Selje · Stryn · Vågsøy | |
|
|
|
|---|---|
| Arnafjord · Balestrand · Bjordal og Ortnevik · Brekke · Feios · Fresvik · Gulen · Hyllestad · Høyanger · Kyrkjebø · Lavik · Mjømna · Solund · Vangsnes · Vik |