Solveig Fiske

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Solveig Fiske
Foto: Kirkens informasjonstjeneste

Solveig Margrete Fiske (fødd 26. oktober 1952) er ein norsk luthersk teolog og prest. Ho vart utnemnd til biskop i Hamar 13. oktober 2006. Ho vart vigsla til biskop ved gudstenesta i Hamar domkyrkje søndag 17. desember 2006. Presesen i bispekollegiet, biskop Olav Skjevesland, stod for seremonien.

Fiske kjem opphavleg frå Frei i Møre og Romsdal. Ho tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1980, og praktisk teologisk eksamen ved same lærestad i 1981.

Solveig Fiske har hatt heile prestetenesta si i Hamar bispedøme. Ho byrja som residerande kapellan i Elverum i 1981, med hovudteneste i det austlege soknet i prestegjeldet: Hernes, Sørskogbygda og Nordskogbygda. Ho vart i 1994 sokneprest i Løten. Frå 2005 til 2006 hadde ho eit engasjement som personalsjef ved Hamar bispedømekontor.

Ho har vore leiar av Norsk kvinnelig teologforening, og vore engasjert i kvinnene sin situasjon i kyrkje og samfunn, også i internasjonal samanheng. Ho er styreleiar i Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep.

Ho er gift med sjukehusprest Guttorm Eidslott, og er svigerdotter til lyrikaren Arnold Eidslott.

I samband med jula 2006 gav ho i eit intervju med NTB tilkjenne at ho ville arbeide for eit ritual for inngåing av partnerskap for homofile i kyrkja, og at ho var tilhengjar av statskyrkjesystemet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]


Biskopar i den norske kyrkja
Preses: Helga Haugland Byfuglien  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Halvor Nordhaug | Borg: Atle Sommerfeldt | Hamar: Solveig Fiske | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Tor Singsaas | Nord-Hålogaland: Per Oskar Kjølaas | Oslo: Ole Christian Kvarme | Stavanger: Erling Pettersen | Sør-Hålogaland: Tor B. Jørgensen | Tunsberg: Laila Riksaasen Dahl