Solvind

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rundt dei magnetiske polane til jorda kan solvinden føra til polarlys.

Solvinden er straumen av partiklar som sola heile tida sender ut, eit tynt plasma med supersonisk fart som fyller det interplanetare rommet. Partiklane er hovudsakleg elektron og proton, men det er også kjernar av helium og andre tyngre ion. Plasmastraumen fører òg med seg eit magnetisk felt frå sola, det interplanetare magnetfeltet. Solvinden skapar eit dynamisk samband mellom sola og planetane og han har ein sterk innverknad på tilhøva i magnetosfæren og atmosfæren til plentane.

Solvinden varierer i styrke, men er sterkast når solflekkane er mange og store.

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]