Solvogna frå Trundholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Framsida eller «dagsida» av solvogna.
Foto: Malene Thyssen
Baksida eller «nattsida» av solvogna.
Foto: Malene Thyssen

Solvogna frå Trundholm (dansk Solvognen) er den arkeologiske nemninga på ein bronseskulptur frå bronsealderen av ein hest som dreg ei vertikal skive som symboliserer sola, montert på seks hjul for å kunne dragast på eit vis som illuderer solas ferd gjennom døgeret. Vogna er tidfesta til om lag 1400 før Kr., og vert tolka som ein gjenstand som har vore nytta i ei eller anna form for religiøs kult.

Vogna er eit myrfunn frå myra Trundholm Mose i Odsherred kommune i Nordvest-Sjælland, og ein reknar med at ho har vorte lagt i myra som eit offer til maktene. Vogna vart funne 7. september 1902, då Trundholm Mose vart pløgd for fyrste gong for oppdyrking. Finnaren, Frederik Willumsen, tok vogna med seg heim i den trua at dette berre var eit gamalt leiketøy, som han deretter gav til sonen sin. I 1998 vart fleire fragment av dei seks skadde hjula på vogna funne på same staden i myra ved hjelp av metalldetektor.

Solskiva og hesten er støypte og hole inni, og det er festa ringar til både hesten og solskiva som ein reknar med at det har vore drege snorer gjennom. Den elegante spiralornamentikken som pryder solskiva vitnar om at vogna er av nordiske opphav. Stilen med dei kompliserte spiralane kan samanliknast med funn frå Nord-Sjælland av beltesmykke for kvinner, som til dømes ei belteplate frå Langstrup, og ein har difor grunn til å tru at Solvogna er laga i det distriktet ho vart funne i.

Saman med helleristingsmotiv og bilete på barberknivar av bronse frå bronsealderen, gjer solvogna det klart at sola stod sentralt i mytologien og kulten i denne tida. Sola på solvogna har ei side som er dekt med gull og ei side utan gull. Då den gylte sida er synleg når ein køyrer vogna i solas retning frå venstre mot høgre, kan ein rekne med at denne sida markerer solas ferd over himmelen om dagen. Den andre sida, som vert synleg om vogna køyrast frå høgre mot venstre, er den mørke nattsida av sola, og retninga frå høgre mot venstre markerer solas ferd under jorda om natta fram til staden kvar ho skal stå opp att neste morgon. Slik kan vogna køyrast fram og attende for å illustrere den ferda sola gjer i eit døger.

Solvogna er det einaste funnet i sitt slag, men ein reknar med at det har vore fleire slike vogner i bruk. Fragment av ei gylt solskive som er funne i ein gravhaug i Jægersborg Hegn, Nord-Sjælland, er kan hende solskiva frå ei solvogn?

Kulturkanonen[endre | endre wikiteksten]

Solvogna er teken opp i Danmarks kulturkanon under kategorien biletkunst.[1]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Om Solvogna Arkivert 2013-10-23 ved Wayback Machine. frå Den danske kulturkanonen, Billedkunst side 34-35

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]