Soma

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Soma (fleirtyding).

Soma (sanskrit सोम, sóma), eller haomaavestisk, er ein plante og ein drikk laga av han som er omtalt i dei heilage indoiranske skriftene Rigveda og Avesta. Personifiseringa av soma er også rekna som ein guddom.

Soma i mytologien[endre | endre wikiteksten]

Over hundre hymne i Rigveda er dediserte til Soma, og han blir omtalt som «Gud for gudane».[1] I nokre hymne blir han tilmed kalla skapar og far til gudane.

Soma gjev dei som drikk han styrke, helse og glede, og gjer dei yngre og mektige. Indra fekk kraft frå han før viktige stridar, som då han nedkjempa monsteret Vritra.

I seinare hinduisme blei Soma identifisert med månen. Dette har gjort at namnet på måndag er sōmavāra (sanskrit) eller avleidde namn på mange indiske språk.

Som ein eigen person blir det fortald at Soma var gift med fleire systrer (anten 27 døtrer av Prajāpati eller 33 døtrer av Daksja). Dei tjuesju konene tilsvarer dei ulike naksjatraene i indisk astrologi, og favorittkona av desse var Rohini (stjerna Aldebaran).

Drikken soma[endre | endre wikiteksten]

Framstillinga og bruken av somadrikken er skildra i Rigveda. Planten soma blir pressa og safta blanda med mjølk for så å ofrast. Det blir fortald om både gudar og døydelege som drikk soma. Drikken skal hjelpa mot det meste av helseplager, forynga den som drikk og forlenga livet hans. Han kan òg frambringa syner. Nokre vediske hymne skildrar korleis prestar først såg gudane etter at dei hadde drukke soma.

Framgangsmåten for å framstilla av soma blei overlevert munnleg blant prestar, og er i dag ukjend. Det finst likevel tradisjonar der ein framstiller soma i dag med diverse erstatningar.

Planten soma[endre | endre wikiteksten]

Det er omstridd kva plante soma eigentleg er, og gjennom tidene har det kome mange forslag. På grunn av at soma skal gje syner og verker oppkvikkande har ein leitt etter passande hallucinogen. Nokre utbreidde forslag er raud fluesopp (Amanita muscaria), som er kjend frå sjamanistiske ritual i Sibir, og Ephedra, plantar som inneheld efedrin og lenge har vore brukte i kinesisk medisin. Ein tenkjer også at ein kan ha blanda i cannabis og valmuefrø. Arkeologiske utgravingar i Gunur Tepe nær Merv i Turkmenistan har funne spor etter valmue, cannabis og efedrin i kokekar, men dette er så langt det einaste funnet.[2]

Soma i moderne kultur[endre | endre wikiteksten]

Ordet «soma» er blitt brukt fleire gonger om ulike lukkegjevande russtoff i moderne kultur. Eit velkjend døme er i Brave New World (1932) av Aldous Huxley, der det er eit stoff som gjev heile befolkninga ei kjensle av velvære utan bakrus eller nedturar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. RV 9.42 ved sacred-texts.com
  2. Ask Michael Wood, The Story of India