Somalia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Soomaaliya

الصومال
As-Sumal
(norsk: Somalia, somalisk)

Det somaliske flagget Det somaliske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Soomaaliyeey Toosoow»
Geografisk plassering av Somalia
Offisielle språk Somali
Hovudstad Mogadishu
Styresett
Republikk
Hassan Sheikh Mohamud
Abdiweli Sheikh Ahmed
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
637 657 km² (43.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Tettleik
 
10 085 638 (86.)
15,8 /km² (135.)
Sjølvstende
frå Storbritannia og Italia
1. juli 1960
Nasjonaldag 1. juli
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
5 896 mill. USD (153.)
600 USD (193.)
Valuta Shilling
Tidssone UTC +3
Telefonkode +291
Toppnivådomene .so


Somalia er eit land på Afrikas horn som grensar til Djibouti, Etiopia og Kenya i vest, har ei kystline mot Adenbukta i nord og ei mot Det indiske havet i søraust.

Somalia har lenge vore prega av borgarkrig og staten er i realiteten gått i oppløysing. Det finst inga samla regjering eller andre fungerande statsorgan. Den 10. oktober 2004 valde eit parlament beståande av ulike klanfolk, militsleiarar og forretningsfolk Abdullahi Yusuf, president for Puntland-regionen, til president for heile Somalia. Av tryggingsgrunnar fann møtet stad i Kenya sin hovudstad Nairobi. Yusuf er anerkjent internasjonalt, men det er framleis usikkert om dette kan føre til ei samling av landet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Kart over Somalia

Somalia ligg på ei halvøy på Afrika sin austkyst med Adengolfen mot nord og det Indiske hav mot aust. Saman med Etiopia og Djibouti vert området kalla Afrikahornet. Kystlina er 2.720 km lang.

Nordvest-Somalia (Somaliland) er prega av fjell og eit tørt klima. Berre ved elvane Juba og Shebelle er det fruktbare område.

Det høgaste punktet i Somalia er Shimbiris (2 416 meter over havet).

Av naturressursar har landet uran og store, urørte reservar av jernmalm, tinn, bauxitt, kopar og naturgass. Sannsynlegvis finst det òg olje.

Klima[endre | endre wikiteksten]

For eit land som ligg så nær ekvator er klimaet overraskande tørt. Mykje av landet er ørken, og nesten ingen stadar har ein årleg nedbørsnormal over 625 mm, og dei fleste har mindre enn 250 mm. I nord har ein litt regn i årstida når sola står lågt på himmelen og temperaturane er litt lågare, men dette området er svært tørt resten av året. Elles er regntida perioden då sola står høgt på himmelen, frå april til september. Regnmengdene varierer derimot frå år til år, og tørke er eit tilbakevendande problem.

Temperaturane langs austkysten frå Kapp Guardafui og sørover er forholdsvis låge på grunn av ein kald havstraum like utanfor, som gjev overraskande låg havoverflatetemperatur til å vere tropisk farvatn. Det kalde vatnet kan vere ein medverkande årsak til dei låge regnmengdene i store delar av landet. Temperaturen varierer lite frå månad til månad, og den relative fukta held seg høg.

Langs den nordlege kysten er derimot havtemperaturen svært varm, og kystområda har svært høge temperaturar mellom april og september. Den høge fukta gjer at denne delen av Somalia har det mest ubehaglege klimaet. I dei indre områda er det enno varmare, men fukta er mindre. Enkelte stader her har dei høgaste årlege middeltemperaturane i verda.


Historie[endre | endre wikiteksten]

Somalia var europeisk koloni frå om lag 1875 og fram til slutten av 1950-talet. Den nordlege delen var britisk mens sør-Somalia var italiensk koloni i mesteparten av denne perioden. Diskusjonar om sjølvstende byrja etter 2. verdskrig og landet vart sjølvstendig i 1960. Interne spenningar bygde seg raskt opp og landet har med ulike avbrot vore i borgarkrig sidan 1977. Det nordvestlege området Somaliland har i praksis fungert som ein sjølvstendig og forholdsvis stabil stat sidan 1991, sjølv om det ikkje er internasjonalt anerkjent.

I 1993 vart det sendt ein 28 000 mann stor FN-styrke under leiing av USA til Somalia for å sikre leveransane av matvarehjelp samt avvæpne dei stridande hærane. Dette var fyrste gong FN greip militært inn i eit medlemsland utan lokal aksept. Aksjonen vart mislukka, FN-styrkane lidde eit audmjukande nederlag i Mogadishu, og styrken vart trekt ut i 1995.

Den nordvestlege delen av Somalia, Somaliland, erklærte seg sjølvstendig i 1993, og den nordaustlege regionen Puntland i 1998, men ingen av dei er internasjonalt anerkjent. Dei to regionane, som saman utgjer den nordlege halvparten av Somalia, er eit roleg område utan krig, i motsetnad til den kaotiske sørlege delen. Både i Somaliland og Puntland har det på fredeleg vis vorte gjennomført demokratiske val.

I byrjinga av juni 2006 erobra islamistiske styrkar kalla Samveldet for islamsk lov Mogadishu etter dei hardaste kampane i hovudstaden på mange år, og sende koalisjonen av verdslege krigsherrar på flukt nordover. Med det vart heile byen for fyrste gong kontrollert av éi makt sidan Muhammed Siad Barre vart styrta i 1991. I 2006 sende Etiopia styrker inn i landet, i 2007 grunnla Den afrikanske unionen styrken AMISOM her og i 2011 gjekk styrker frå Kenya inn i Somalia. Saman med ei somalisk overgangsregjering dreiv desse islamistiske grupper der al-Shabaab var blitt den viktigaste, ut frå viktige byar som Mogadishu og Kisimayo.[1]

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Trass i alle problema i Somalia held det økonomiske livet fram, delvis fordi mykje av aktiviteten på det økonomiske området er lokal. Jordbruket er den viktigaste næringsgreina og kvegdrift står for om lag 40 % av BNP og 65 % av eksporten. På grunn av sjukdomen Rift Valley-feber har Saudi-Arabia forbode import av somalisk krøter, noko som er til skade for jordbrukssektoren. Tidlegare var det litt industri i Somalia, men denne har stort sett forsvunne.

Somalia sin servicesektor har lukkast i å vekse. Telekommunikasjonsselskap har bygd opp trådlause nett i dei fleste større byane og tilbyr Afrika sine lågaste prisar på internasjonal telefoni. I mangel av formelle bankar blomar valutavekslingsmarknaden. Hotellbransjen fungerer, og tryggleiken på hotella vert ivareteken av militsar. Noka større økonomisk utvikling er ikkje venta så lenge strida i landet held fram. Inflasjonen er på over 100%, mykje av dette kjem av omfattande falskmynteri.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

  • Gjennomsnittsalder i befolkninga: 17,6 år (2002)
  • Spedbarnsdøying: 12 % (est. 2003)
  • Gjennomsnittleg levealder: 47 år (anslag 2003)
  • Folkegrupper: Somaliarar 85 %, bantu og andre grupper 15 %
  • Religion: Sunniislam
  • Analfabetisme: Over 60 % av den vaksne befolkninga (2001)
  • Juridisk system: Inkje. I visse område følgjer ein sharia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]