Somerfield på New Zealand

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Somerfield
Styresmakter
Land New Zealand New Zealand Region: Canterbury
City: Christchurch
Geografi
Flatevidd
 - By

1,2302 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2006)

3543
Koordinatar 43°33′43,34″S 172°37′26,26″EKoordinatar: 43°33′43,34″S 172°37′26,26″E
Diverse anna
Postnummer 8024

Somerfield er ein forstad sør i ChristchurchNew Zealand.

Location[endre | endre wikiteksten]

Forstaden er avgrensa av Heathcote River, Strickland Street, Milton Street og Barrington Street. Skulane Christchurch South Intermediate og Somerfield School, Somerfield Park og ei rekkje forretningar ligg i Somerfield. Bydelen er kjend for å ha ein stor variasjon av treslag, særleg langs Heathcote River.

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Den newzealandske politikaren Richard Packer (1794—1872) var representant i Parlamentet på New Zealand frå 1858-1859 for elektoratet Town of Christchurch. Han åtte 170 000 m² land i sørenden av Colombo Street. Der sette han opp bustaden sin som han kalla Somerfield, etter fødestaden sin, Somerset i England. Son hans, Henry William Packer (1831–1890), utvida familien sitt landområde til 0,53 km². Namnet til bustaden deira vart seinare gjort til namn på denne forstaden[2][3].

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Statistics New Zealand, folketeljinga i 2006.
  2. Harper. Christchurch Place Names. Christchurch City Libraries. Vitja 5. februar 2012.
  3. Anonym (1903) The Cyclopedia of New Zealand - Canterbury Provincial District – Christchurch.