Somersetøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kartplassering av Somersetøya
Somersetøya med Fort Ross

Somersetøya er ei øy i det kanadiske Arktis. Ho har ei flatevidd på 24 786 km², og høyrer til Qikiqtaalukregionen i Nunavutterriroriet i Canada. Øya er skilt frå Boothiahalvøya på det nordamerikanske fastlandet av det 2 km breie Bellotsundet. Somersetøya er folketom.

For om lag 1000 år sidan var nordkysten av Somersetøya busett av folk frå thulekulturen. Kvalbein, tunnelar og steinruinar er synlege prov. Seint i året 1848 ankra James Ross med sine to skip opp ved Port Leopold på nordaustkysten. Her overvintra mannskapa til april året etter. Då vart eit mannskap på hundeslede sendt ut for å utforske øya.

I 1937 vart handelsstasjonen Fort Ross (72°0′34″N 94°14′8″W) oppbygt av Hudson’s Bay Company på søraustspissen av øya. Berre elleve år seinare vart han nedlagt. Trasige istilhøve gjorde han vanskeleg å nå og dermed ulønsam. Sidan har det ikkje budd folk på øya. Det tidlegare butikkbygget og styrarbustaden er framleis i bruk, no av inuittar frå Taloyoak som søker ly under karibujakt.

Grunna ruinane, dyre- og fuglelivet og grei tilkomst frå Resolute, har nordkysten på Somersetøya vorte eit populært reisemål for turistar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]