Something Else by the Kinks
| Something Else by the Kinks Studioalbum av The Kinks |
||
| Utgjeve | 15. september 1967 | |
| Innspelt | November 1966 til juli 1967 i Pye Studios, London | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 36:32 | |
| Selskap | Pye NPL 18193; Reprise | |
| Produsent | Shel Talmy, Ray Davies | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| The Kinks-kronologi | ||
| Face to Face (1966) |
Something Else by the Kinks | The Kinks Are the Village Green Preservation Society (1968) |
Something Else by the Kinks, ofte berre kalla Something Else, er eit album av det engelske rockebandet The Kinks frå september 1967. Albumet var det siste Kinks-albumet som den amerikankse produsenten Shel Talmy medverka på, og Ray Davies tok over som produsent. Mange av songane er med Nicky Hopkins på piano og kona til Ray Davies, Rasa, på korvokal.
Songane på albumet er skrivne av Ray Davies og er sterkt prega av engelske tema. Albumet inneheld hitsingelen «Waterloo Sunset» og singelen «Death of a Clown» som vart skriven i lag med broren og sologitaristen Dave Davies.
Albumet vart spelt inn mellom hausten 1966 og sommaren 1967, då Kinks hadde starta å turnere mindre. Albumet inneheld tre songar skrivne av Dave Davies, mellom anna hitsingelen «Death of a Clown». Den uventa suksessen til denne songen førte til at Davies starta ei solokarriere. Dei neste singlane hans klarte derimot ikkje å oppnå same suksess og frå midten av 1969 la han solokarriera på is dei neste ti åra.
Albumet selde ikkje særleg godt i Storbritannia, mellom anna fordi det konkurrerte med billige samlealbum av dei tidlegare Kinks-singlane frå 1964-1966. Pye Records gav òg ut både «Waterloo Sunset» og «Death of a Clown» før sjølve albumet, og dette førte kanskje til at interessa for albumet ikkje vart like stor. Det låge salstalet heldt fram på det neste albuemt, The Kinks are the Village Green Preservation Society. Dei fekk ein stor britisk hit til kort tid etter Something Else med «Autumn Almanac», men fram til «Lola» i 1970 fekk dei ikkje fleire i heimlandet.
Something Else selde òg dårleg i USA då det kom ut her i januar 1968. Desse albuma hadde tydelege britiske tema, og i tillegg var bandet bannlyst frå å halde konsertar i USA. Albumet fekk likevel god kritikk, særleg i den gryande undergrunnspressa, som Crawdaddy. I 2003 plasserte musikkmagasinet Rolling Stone på 288. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Ray Davies, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «David Watts» | 2:32 | |||||||
| 2. | «Death of a Clown» (Ray Davies/Dave Davies) | 3:04 | |||||||
| 3. | «Two Sisters» | 2:01 | |||||||
| 4. | «No Return» | 2:03 | |||||||
| 5. | «Harry Rag» | 2:16 | |||||||
| 6. | «Tin Soldier Man» | 2:49 | |||||||
| 7. | «Situation Vacant» | 3:16 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 8. | «Love Me Till the Sun Shines» (Dave Davies) | 3:16 | |||||||
| 9. | «Lazy Old Sun» | 2:48 | |||||||
| 10. | «Afternoon Tea» | 3:27 | |||||||
| 11. | «Funny Face» (Dave Davies) | 2:17 | |||||||
| 12. | «End of the Season» | 2:57 | |||||||
| 13. | «Waterloo Sunset» | 3:15 | |||||||
| Bonusspor på CD-utgåve | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 14. | «Act Nice and Gentle» | 2:39 | |||||||
| 16. | «Autumn Almanac» | 3:05 | |||||||
| 17. | «Susannah's Still Alive» (Dave Davies) | 2:22 | |||||||
| 18. | «Wonderboy» | 2:49 | |||||||
| 19. | «Polly» | 2:51 | |||||||
| 20. | «Lincoln County» (Dave Davies) | 3:12 | |||||||
| 21. | «There Is No Life Without Love» (Ray Davies/Dave Davies) | 2:01 | |||||||
| 22. | «Lazy Old Sun» (Unreleased alternate stereo take) | 2:53 | |||||||
Medverkande [endre]
- Ray Davies – solovokal, rytmegitar, munnspel
- Dave Davies – sologitar, 12-strengsgitar, korvokal, solovokal på spor 2, 8, 11, 16 og 19.
- Pete Quaife – bass, korvokal
- Mick Avory – trommer, perkusjon
- Nicky Hopkins – tangentinstrument, piano, orgel, cembalo
- Rasa Davies – korvokal
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Something Else by the Kinks» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2009.
|
|
|
|---|---|
| Ray Davies · Dave Davies · Mick Avory John Dalton · Gordon Edwards · Ian Gibbons · John Gosling · Bob Henrit · Andy Pyle · Pete Quaife · Jim Rodford |
|
| Studioalbum | Kinks · Kinda Kinks · The Kink Kontroversy · Face to Face · Something Else by the Kinks · The Kinks Are the Village Green Preservation Society · Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) · Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One · Muswell Hillbillies · Everybody's in Show-Biz · Preservation: Act 1 · Preservation: Act 2 · Soap Opera · Schoolboys in Disgrace · Sleepwalker · Misfits · Low Budget · Give the People What They Want · State of Confusion · Word of Mouth · Think Visual · UK Jive · Phobia |
| Konsertalbum | Live at Kelvin Hall · One for the Road · Live: The Road · To the Bone |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |