Something Magic
| Something Magic Studioalbum av Procol Harum |
||
| Utgjeve | mars 1977 | |
| Innspelt | Seint 1976 | |
| Sjanger | Progressiv rock | |
| Lengd | 40:33 | |
| Selskap | Chrysalis Repertoire (2000 Tyskland) |
|
| Produsent | Procol Harum, Ron Albert og Howie Albert | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Procol Harum-kronologi | ||
| Procol's Ninth (1975) |
Something Magic | The Prodigal Stranger (1991) |
Something Magic er det niande studioalbumet til Procol Harum og kom ut i 1977.
Procol Harum valte å arbeide med produsentane Ron og Howie Albert då Leiber og Stoller (som hadde produsert det førre albumet deira) ikkje var tilgjengeleg. Dei reiste til Miami med meir enn nok songar for albumet. Etter at Albert-brørne hadde forkasta meir enn fem spor og dei berre hadde fire songar att å fylle albumet med, tilbaud vokalist, pianist og låtskrivar Gary Brooker den episke «The Word and The Tree», eit stykke av tekstforfattar Keith Reid som Brooker hadde leika seg med i fleire år. Med stort press om å gjere musikken og orkesterarrangementa til den 19 minuttar lange episke songen fekk Brooker hjelp av arrangøren Mike Lewis for å gjere ferdig orkesterarrangementa for tittelsporet «Something Magic» og bandmedlem Chris Copping for å gjere blåsearrangementet på «Sking on Thin Ice».[2]
Etter albumet kom ut forlet Copper bandet og vart erstatta av Dee Murray, bassisten til Elton John for den nordamerikanske turneen etter albumet.[3]
Singelen «Wizard Man» kom ut før sjølve albumet, men selde dårleg. Albumet nådde berre 146. plass i USA og vart det siste albumet bandet gav ut før gjenforeininga til Procol Harum i 1991, då Gary Brooker slo seg saman at med tekstforfattar Keith Reid, Robin Trower og Matthew Fisher (trommeslagar B.J. Wilson var då alt død).
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Gary Brooker og Keith Reid, bortsett frå song nr. 4.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Something Magic» | 3:37 |
| 2. | «Skating on Thin Ice» | 4:49 |
| 3. | «Wizard Man» | 2:41 |
| 4. | «The Mark of the Claw» (Mick Grabham og Keith Reid) | 4:39 |
| 5. | «Strangers in Space» | 6:08 |
| 6. | «The Worm & The Tree Part One» | 7:50 |
| 7. | «The Worm & The Tree Part Two» | 5:29 |
| 8. | «The Worm & The Tree Part Three» | 5:20 |
Bonusspor [endre]
- "Backgammon" - 3:23
- "You'd Better Wait" - 4:44
- "This Old Dog" - 3:41
Medverkande [endre]
- Peter Solley - orgel og synthesiser
- Chris Copping - bassgitar
- B.J. Wilson - Trommer
- Mick Grabham - gitar
- Gary Brooker - piano og vokal
- Keith Reid - tekstar
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 27. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Something Magic - Procol Harum | AllMusic». allmusic.com. 2011 [last update]. http://www.allmusic.com/album/r15854. Henta 12. mai 2012.
- ↑ Roland Clare, booklet notes for "Something Magic" reissue, 2009
- ↑ Roland Clare, booklet notes for "Something Magic reissue, 2009
Bakgrunnsstoff [endre]
- ProcolHarum.com - ProcolHarum.com om albumet