Sommarfuglar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Sommarfugl)
Sommarfuglar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Seksfotingar Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Flygande insekt Pterygota
Infraklasse: Neoptera
Overorden: Endopterygota
Orden: Sommarfuglar Lepidoptera
Linnaeus, 1758
Ein amerikansk sommarfugl (Common buckeye, Junonia coenia) med tydelege augeflekkar.
Pieris cheiranthi

Sommarfuglar eller fivrelde er med over 120 000 beskrivne artar ei av dei større gruppene mellom insekta. Ved sida av dei fargesprakande og vakre dagsommarfuglane høyrer òg mange meir nøytrale og ofte natt- eller skymingsaktive artar til sommarfuglane. Desse «nattsvermerrane» eller «mòlen», som dei ofte blir summerte som, utgjer hovudvekta (92 %) av sommarfuglane, men er ikkje rekna som noka naturleg gruppe.

Eit avleidd fellestrekk for alle sommarfuglar er at vengene er dekt med små skjel. Det er desse som mogeleggjer dei fantastiske fargespela hos dagsommarfuglane, men dei finst altså òg i mòl, om enn i ofte litt mindre fargesprakande utgåver. Òg mangelen av cerciene og av det midterste medianauget er eigenskapar som oppstod i stamarten til sommarfuglane.

Dagsommarfuglane sin lange, samanrulla sugesnabel var derimot ikkje til stades i stamarten til sommarfuglane. Mange mòlgrupper har framleis bitande munndeler, noko som òg gjeld alle larver. Evolusjonært sett skjedde ikkje danninga av sugesnabelen som ei enkel hending, men i mange små steg, som kan rekonstruerast ved å undersøke korleis munndelane er bygd i dei ulike «greinene» i sommarfuglane sitt stamtre.

Dei første stega skjedde i stamarten til Glossata, der galea, ein del av maxillen («underkjeven»), vart omdanna til ein enkel sugesnabel. Mandiblane («overkjeven») tapte samtidig ledda sine, blei mindre og funksjonsudyktige. Snabelen var utan eigen muskulatur til å byrje med, men fekk eigne musklar i stamarten til Myoglossata. Det var derimot først i stamarten til Ditrysia at sugesnabelen òg fekk skråstilte musklar, noko som gjorde den så rørleg som den f.eks. er i dagsommarfuglane.

I Noreg har ein funne 2 200 sommarfuglartar.

Inndeling og evolusjon[endre | endre wikiteksten]

Sommarfuglane sitt stamtre er litt spesielt i at det består av mange små greiner «nedst» i treet (som stort sett ikkje har fått norske, men berre vitskaplege namn), mens dei mest artsrike gruppene er konsentrerte lenger «oppe» i stamtreet. Den følgjande oversikta framstiller slektskapstilhøva mellom delgruppene i hierarkisk skrivemåte:

  • [Gruppe utan namn]


Utover desse slektskapsgruppene har ein del kunstige grupper vore i bruk i den tradisjonelle systematikken. Dei mest kjende av desse er:

  • «Aglossata» (for alle sommarfuglar som ikkje høyrer til Glossata),
  • «Homoneura» eller «Jugata» (for alle sommarfuglar som ikkje høyrer til Heteroneura eller Frenata),
  • «Monotrysia» (for alle Heteroneura som ikkje høyrer til Ditrysia),
  • nattsvermarar, «Heterocera» (for alle sommarfuglar som ikkje høyrer til dagsommarfuglane),
  • småsommarfuglar, «Microlepidoptera» (for alle sommarfuglar som ikkje høyrer til storsommarfuglane).

For å nemne nokre evolusjonære nyvinningar som skjedde i stamtreet til sommarfuglane, blei skjelene på vengene «forfina» i stamarten til Coelolepida. (De fekk små holrom, som ein kan sjå under mikroskopet.)

I stamarten til Neolepidoptera (ordrett omsette «nysommarfuglar») blei hjernen. forstørra ved at det smelta saman med ganglionet under svelget. Dessutan blei puppane sine kjevar urørlege, mens puppane til dei tidlegare greinene i sommarfuglane sitt stamtre stadig hadde funksjonsdyktige kjevar.

Systergruppa. til sommarfuglane er vårfluene.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Sommarfuglar