Sommarfuglmygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sommarfuglmygg


Clogmia albipunctata
Clogmia albipunctata

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Orden: Diptera
Underorden: Nematocera
Infraorden: Neoptera
Familie: Psychodidae

Sommarfuglmyggar (Psychodidae) er ei gruppe myggar som liknar sommarfuglar på den måten at dei har hår på vengjene. Saman med at artane i slekta Psychoda heldt vengjene sine ut til sidene på same måte som sommarfuglane har dette gjeve familien namnet sitt. Dei er elles særs små og vert sjeldan lagt særleg merke til, me veit difor lite om utbreiinga deira.

Det er registrert 37 artar i gruppa i Noreg, men det totale artstalet er sannsynlegvis mykje høgare. I Europa er det kjend rundt 400 artar totalt, medan det på verdsbasis er skildra rundt 2 900.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Sommarfuglmyggar er små insekt som ikkje vert større enn 5 mm på det største. Dei liknar til forveksling små møll på grunn av alt håret og vengjestillinga, men høyrer altså til myggane. Mellom trekka som er viktige når det kjem til bestemming av art kan ein nemna dei lange, mangeledda antennene, forma på kjønnsdelane og til ein viss grad mønsteret på vengjene hjå somme artar.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Vaksne sommarfuglmyggar er dårlege flygarar som helst sit i vegetasjon nær vatnet der dei levde som larvar. I Europa finst dei helst i stilleståande eller sakteflytande ferskvatn, men det førekjem òg artar som veks opp i rotnande plantemateriale, gjørme, møk, elver med mykje straum og saltvatn. Dei er i stand til å lukka trakéopningane på bakkroppen med dei vassavstøytande håra sine, og kan såleis halda pusten - somme artar over særs lang tid. Føda er algar og daudt organisk materiale.

Hjå dei fleste artane tek ikkje dei vaksne individa til seg føde. Nærare tropane finst det derimot somme blodsugarar som vert delt i underfamilien Phlebotominae.

Norske artar[endre | endre wikiteksten]

Psychoda
Clogmia albipunctata sett ovanifrå. Denne arten er vanleg innomhus nord til Nederland
  • Underfamilie Sycoracinae
      • Sycorax silacea
  • Underfamilie Trichomyiinae
      • Trichomyia urbica
  • Underfamilie Psychodinae
    • Stamme Paramormiini
      • Panimerus albomaculatus
      • Parajungiella longicornis
      • Telmatoscopus similis
      • Peripsychoda auriculata
    • Stamme Pericomini
      • Berdeniella freyi
      • Clytocerus ocellaris
      • Clytocerus rivosus
      • Parabazarella subneglecta
      • Pericoma rivularis
      • P. blandula
      • P. nielseni
      • Pneumia borealis
      • P. mutua
      • P. stammeri
      • P. trivialis
      • Ulomyia fuliginosa
    • Stamme Psychodini
      • Trichopsychoda hirtella
      • Philosepedon humeralis
      • Psychoda albipennis
      • Psychoda alternata
      • P. brevicornis
      • P. cinerea
      • P. cultella
      • P. gemina
      • P. grisescens
      • P. lobata
      • P. minuta
      • P. phallaenoides
      • P. pusilla
      • P. satchelli
      • P. setigera
      • P. surcoufi
      • P. trinodulosa
    • Stamme Maruinini
      • Lobulosa pollex
      • Tonnoiriella nigricauda

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Andersen, Trond & Amundsen, Eli: «The Siebke collection of Norwegian Moth flies (Diptera:

Psychodidae)» i Fauna Norv. Ser. B 44(2) 1997

  • Andersen, Trond & Håland, Øyvind: «Norwegian Moth Flies (Diptera: Psychodidae)» i Fauna Norv. Ser. B 42 (2) 1995
  • Håland, Øyvind: «Sommerfuglmygg - hva er det??» i Insekt-Nytt 4 1990
  • Kvifte, Gunnar Mikalsen; Håland, Øyvind & Andersen, Trond: «A revised check list of Norwegian moth flies (Diptera: Psychodidae)» i Norwegian Journal of Entomology 58 2011
  • Salmela, Jukka; Kvifte, Gunnar Mikalsen & More, Anna: «Description of a new Psychoda Latreille species from Fennoscandia (Diptera: Psychodidae)» i Zootaxa 3313 2012
  • Triplehorn, Charles A. & Johnson, Norman F.: «Diptera» i Borror and Delong's introduction to the Study of Insects Brooks/Cole 2005
  • Tysk wikipedia