Sonal og meridional

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sonal og meridional er to uttrykk for å skildre retningar på ein klode. Sonal tyder «langs ein breiddegradssirkel» eller «i aust-vest-retninga», medan meridional tyder «langs ein meridian» eller «i nord-sør-retninga».

Desse uttrykka er ofte nytta i meteorologi og geofysikk for å skildre globale fenomen, som «meridional luftstraum» eller «sonal temperatur».

For vektorfelt (som vindsnøggleik) er den sonale komponenten (eller x-koordinaten) skrive som u, medan den meridionale komponenten (eller y-koordinaten) vert skrive som v.

Uttrykke meridional, stundom forkorta til «Mer.», vart nytta i historisk astronomi for å vise sørleg retning på ein klode, i lag med septentrional («Sep.») for nordleg, oriental («Ori.») for austleg og oksidental («Occ.») for vestleg.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Hooke, Robert. 1666. Volume 1. Philosophical Transactions