Sonata da chiesa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Sonata da chiesa (italiensk for «kyrkjesonate») er eit instrumentalt musikkstykke frå barokken. Han består hovudsakleg av fire satsar. Det vart som regel nytta meir enn ein melodi og satsane vart sortert sakte–rask–sakte–rask med omsyn til tempo. Den andre satsen var vanlegvis ein fugal allegro og den tredje og fjerde var samansette former som stundom likna sarabande og giga.

Mange trur feilaktig at sonatane vart komponert og framført i religiøse seremoniar. Sjølv om dette kanskje skjedde, er dei ikkje i same kategori som til dømes eit rekviem. Sonatane vart framførte på konsertar som underhaldning.

Nokre av dei største komponistane av sonata da chiesa var Arcangelo Corelli (1653–1713) frå Ravenna og Giovanni Battista Bassani. Etter 1700 vart denne forma for sonate slått saman med sonata da camera.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]