Sonatar og partitaer for fiolin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Første sonate for fiolin: Adagio (signert 1720)

Sonatar og partitaer for fiolin (BWV 1001–1006) er ei samling av seks verk komponert av Johann Sebastian Bach. Dei består av tre sonatas da chiesa, i fire satsar og tre partitaer, i dansesatsar.

Settet vart gjort ferdig i 1720, men vart først publier i 1802 av Nicolaus Simrock i Bonn. Sjølv etter det kom ut vart det stort sett ignorert fram til fiolinisten Josef Joachim starta å framføre verka. I dag vert Bachs Sonatar og partitaer rekna som ein viktig del av fiolinrepertoaret og dei vert ofte framført og innspelt.

Sei Solo – a fiolino senza Basstemme accompagnato, som Bach sjølv kalla dei, stadfester grundig dei tekniske eigenskapane til fiolinen som eit soloinstrument. Stykka vert ofte rekna som arketypen for solofiolinstykke for dei komande komponistgenerasjonane, som mellom andre Eugène Ysaÿe, Béla Bartók og Paul Hindemith.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bach starta å komponere desse verka rundt 1703, då han var Weimar og settet var ferdig i 1720, då Bach var Kapellmeister i Köthen.[1] Han vart nesten heilt sikkert inspirert av Johann Paul von Westhoffs Partitaer for fiolin, for han arbeidde i lag med Westhoff i Weimar og den eldre komponisten har fleire stilmessige likskapar til Bach sine verk.

Det er ikkje kjend om desse verka vart framført medan Bach levde, eller kven som i så fall framført dei.

Struktur[endre | endre wikiteksten]

Sonatane består kvar av fire satsar, i langsam-hurtig-langsam-hurtig-mønster som er typisk for sonata da chiesa. Dei første to satsane er preludium og fuge. Den tredje (langsame) satsen er lyrisk, medan den siste satsen deler liknande musikalsk struktur som dei to første satsane. I motsetnad til sonatane, er partitaene meir uortodoks oppbygd. Det vert framleis nytta dei vanlege barokke stilane allemande, courante, sarabande og gigue, og stundom i tillegg galanteriar, og nye element vart introdusert i kvar partita for å gje variasjon.

Chaconne (Ciaccona) i d-moll[endre | endre wikiteksten]

Chaconneen, den siste satsen i Partita No. 2 i d-moll, BWV 1004, er lengre enn dei fire første satsane totalt. Temaet, som vert presentert i dei fire første taktane i ein typisk chaconne-rytme med ein akkordprogresjon basert på det gjentakande bassnotemønsteret D D C D B G A D, vert framført i ei rekkje variasjonar vidare i satsen. Heile forma er tredel, og den midtre delen er i dur. Han representerer toppen solofiolinrepertoaret ved at han dekkjer ensten alle askept ved fiolinspeling kjend på Bach si tid. Det er framleis eit av dei teknisk og musikalsk krevjande stykka for instrumentet.

Sidan Bach si tid er det gjort fleire transkripsjonar av stykket for andre instrument, særleg for piano (av Ferruccio Busoni) og for venstrehanda på piano (av Brahms), samt for gitar, først av den argentinske gitaristen og komponisten Antonio Sinopoli. Minste tre av treanskripsjonane er publiserte for orgel. Eit arrangement for fullt orkester (1930) vart spelt inn av Leopold Stokowski.

Johannes Brahms, sa om stykket i eit brev til Clara Schumann:

« I ei strofe, for eit lite instrument, skriv mannen ei heil verd av dei djupaste tankar og dei mest mektige kjensler. Om eg skulle ha skapt, eller til og med kome på dette stykket, så er eg ganske sikker på at eg i overbegeistring ville ha drive meg sjølv frå forstanden.  »

Satsar[endre | endre wikiteksten]

Sonate No. 1 i g-moll, BWV 1001

  1. Adagio
  2. Fuge (Allegro)
  3. Siciliana
  4. Presto

Partita No. 1 i h-moll, BWV 1002

  1. Allemande - Dobbel
  2. Corrente - Dobbel (Presto)
  3. Sarabande - Dobbel
  4. Tempo di Borea - Dobbel

Sonate No. 2 i a-moll, BWV 1003

  1. Grave
  2. Fuga
  3. Andante
  4. Allegro

Partita No. 2 i d-moll, BWV 1004

  1. Allemanda
  2. Corrente
  3. Sarabanda
  4. Giga
  5. Ciaccona

Sonate No. 3 i C-dur, BWV 1005

  1. Adagio
  2. Fuga
  3. Largo
  4. Allegro assai

Partita No. 3 i E-dur, BWV 1006

  1. Preludio
  2. Loure
  3. Gavotte en rondeau
  4. Menuet I
  5. Menuet II
  6. Bourrée
  7. Giga

Innspelingar på fiolin[endre | endre wikiteksten]

Delar av verka vart først innspelt av Joseph Joachim i 1903 og det første komplette settet vart spelt inn av Yehudi Menuhin i midten av 1930-åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Wolff 2002, 133.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]