Sonate for to piano i D-dur av Mozart

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sonate for to piano i D-dur
K. 448
Pianosonate av Wolfgang Amadeus Mozart
Periode Wienerklassisismen
Komponert 1781
Typisk lengd 23:00
Satsar 3
Opninga av sonaten.

Sonate for to piano i D-dur, K. 448 er eit pianostykke komponert i 1781 av Wolfgang Amadeus Mozart, 25 år gammal. Han er skriven i ei streng sonate-allegro-form, med tre satsar. Sonaten vart komponert for ei framføring i lag med pianisten Josephine von Aurnhammer.[1] Mozart komponerte denne i den galante stilen, med melodiar som passar inn i kvarandre og samstundes kadensar. Dette er ein av få komposisjonar han skreiv for to piano. Sonaten vart òg nytta i ein vitskapleg studie som undersøkte Mozarteffekten, som foreslo at klassisk musikk aukar hjerneaktiviteten meir enn annan type musikk.[2][3]

Skildring [endre]

Sonaten er skriven i tre satsar,

  1. Allegro con spirito
  2. Andante
  3. Molto Allegro.


Kjelder [endre]

  1. Zaslaw, Neil, The Compleat Mozart: a Guide to the Musical Works, p. 301 (New York, 1990) ISBN 0-393-02886-0
  2. Yanni; Rensin, David (2002). Yanni in Words. Miramax Books. ss. 67. ISBN 1-4013-5194-8. 
  3. «The Mozart Effect». epilepsy.org. http://www.epilepsy.org.uk/info/mozart.html. Henta 29. februar 2012. 

Bakgrunnsstoff [endre]