Sondre Lerche

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sondre Lerche

Fødd5. september 1982 (41 år)
FødestadBergen
FødenamnSondre Lerche Vaular
OpphavNoreg
Aktiv2001–
SjangerFolkrock
Pop
Lounge rock
Indiepop
InstrumentVokalist, gitar
PlateselskapAstralwerks, EMI
Verka somMusikar
Gift medMona Fastvold
Sambuar medLinnéa Myhre
PrisarSpellemannprisen for årets nykommer, Spellemannprisen i alternativ pop/rock

Sondre Lerche Vaular (fødd 5. september 1982) er ein norsk musiker og låtskrivar.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Lerche vart fødd i Bergen. Han starta å spele gitar som åtteåring og skreiv sin fyrste låt då han var 14 år gamal. Han spelte gitar på baren der systera hans arbeidde, sjølv om han var alt for ung til å vere der som gjest. Han spelte i band saman med systera, Lotte.

EP-en You Know So Well vart gjeven ut i 2001. Seinare same året vart debutalbumet hans Faces Down også gjeve ut - dette albumet gav han Spellemannprisen 2001 i kategorien Årets nykomar. I 2004 gav han ut EP-en Don't Be Shallow og albumet Two Way Monolouge. I februar 2006 vart albumet Duper Sessions, ei jazzplate, gjeven ut. Namnet på plata frå 2006 kjem frå Duper Studio i Bergen, kor plata vart spelt inn.

Sondre Lerche har i stor grad slått gjennom i USA og store delar av Europa. I 2007 laga han lydsporet til Hollywood-filmen Dan In Real Life - ein film der den amerikanske skodespelaren Steve Carrell har hovudrolla.

Lerche er fetter til Lars Vaular.

I 2012 er Lerche mentor i The Voice, Norge som går på TV2.

Lerche fekk Gammleng-prisen i 2021.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

EP-plater[endre | endre wikiteksten]

Singler[endre | endre wikiteksten]

  • All Luck Ran Out (2001)
  • Rosebud/Sleep on Needles (2001)
  • Sleep on Needles (2002)
  • Days That Are Over (2004)
  • Minor Detail (2006)
  • Say it All (2006)
  • Phantom Punch (2006)
  • Phantom Punch/Europa & The Pirate Twins (2007)
  • The Tape/Face the Blood (2007)
  • Heartbeat Radio (2009)
  • Private Caller (2011)
  • Domino (2011)

Andre deltakingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]