Sondre Norheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sondre Norheim


Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juni 1825
Morgedal
Død

9. mars 1897 (71 år)
Nord-Dakota

Idrett alpint, skihopping, kombinert

Sondre Norheim (10. juni 18259. mars 1897) var ein norsk-amerikansk skiløpar som var viktig i utviklinga av moderne skisport.

Norheim var fødd og voks opp i Morgedal i Kviteseid i Telemark, der han både blei ein meister i å stå utfor og laga betre skiutstyr, som bindingar og ski som var smalast på midten. Dette letta svinging. På den tid var imidlertid desse kjende frå andre delar av landet. Han vann i ein alder av 42 år den første skikonkurransen i Christiania i 1868 der det var deltakarar frå heile Austlandet. I dette rennet slo han den inntil då den mest kjente skiløparen, fjorårsvinnaren Elling Bekken frå Soknedalen på Ringerike. Han fekk etter kvart eit internasjonalt ry som gjorde at ord som «ski» og «slalåm» spreidde seg over heile verda.

Sondre emigrerte til Minnesota i USA med familien i 1884, og levde siste delen av livet sitt på farmen sin nær Denbigh i McHenry County i Nord-Dakota.

Sjølv om han ikkje kunne stå utfor slik han var van med på den flate prærien, skal han alltid ha hatt eit par ski ståande utanfor husdøra.

For å heidre Sondre er det reist 2 statuar av han i bronse, ei i Minot, Nord-Dakota og ei i Morgedal. Statuane er identiske og kunstaren er Knut Skinnarland.

Plasseringar i renna i Christiania[endre | endre wikiteksten]

  • 1868 nr 1
  • 1870 oppvisingsrenn
  • 1871 nr 2
  • 1875 nr 16

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]