Sondrio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sondrio
Sondrio om vinteren
Sondrio om vinteren
Byvåpenet til Sondrio
Byvåpenet til Sondrio


Plassering
Sondrio is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Lombardia
Sondrio
Borgarmeister Bianca Bianchini
Geografi
Flatevidd
 - By

20 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2005)
   - folketettleik

21 790
  1071/km²
Koordinatar 46°10′″N 9°52′″EKoordinatar: 46°10′″N 9°52′″E
Høgd over havet 306 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 23100
Telefon-retningsnummer 0342
Nettstad: www.comune.sondrio.it

Sondrio (latin Sundrium, lombardisk Sùndri, romansk Sunder) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Sondrio i regionen Lombardia og har om lag 20 000 innbyggjarar. Byen ligg nord i regionen midt i Valtellina.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Området rundt Sondrio var busett alt i antikken av ligurarar og frå 400-talet fvt. av keltarar. Sondrio vart grunnlagd av langobardar der det tidlegare hadde vore ein romersk militærleir. På deira språk tydde Sundrium «eksklusive eigedom» og refererte til innbyggjarane sin status som frie menn (arimanni).

Etter fallet til det lombardiske kongedømet i Italia vart Sondrio ein del av Det tysk-romerske riket. Capitanei av Vizzola, som kontrollerte mykje av Valtellina tok byen frå Henrik II i 1040. Frå 1310 til 1335 vart byen involvert i striden mellom Welf og Ghibellini i den nærliggande byen Como, og krigen mot Milano. Etter å ha stått imot fleire åtak frå Como i 1335 vart Sondrio og Valtellina ein del av Visconti-familien og Milano.

Frå andre halvdel av 1500-talet til 1700-talet vart Sondrio styrt av Tre Leghe Grigie i Graubünden, som hovudstad i Valtellina. Etter reformasjonen var Sondio åstad for kraftige kampar mellom dei katolske innbyggjarane i Valtellina og dei protestantiske innbyggjarane i Graubünden. I 1620 tok innbyggjarane leia av Giacomo Robustelli livet av 180 protestantar og erklærte sjølvstende for Valtellina.

Etter napoleonskrigane, der Sondrio vart ein del av Den cisalpinske republikken kjempa Sondrio tappert med det austerrikske Kongedømet Lombardia-Venetia for sjølvstendet sitt.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sondrio

Kjelder[endre | endre wikiteksten]