Song Sung Blue

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Song Sung Blue
av Neil Diamond
frå albumet Moods
B-side

«Gitchy Goomy»

Språk engelsk
Utgjeve 1972
Sjanger Countrypop, adult contemporary
Lengd 3:15
Selskap Uni Records
Komponist Neil Diamond
Tekstforfattar Neil Diamond
Låtskrivar(ar) Neil Diamond
Produsent Tom Catalano

«Song Sung Blue» er ein song frå 1972 skriven og innspelt av Neil Diamond. Han er hovudsakleg basert på den andre satsen i Mozart sin Pianokonsert nr. 21. Songen vart gjeve ut på Diamond-albumet Moods og sidan på fleire konsert- og samlealbum.

Songen var den andre singelen hans som nådde toppen av Billboard Hot 100 i USA, etter «Cracklin' Rosie» i 1970.[1] Songen låg 12 veker på Topp 40. I tillegg låg songen sju veker på toppen av adult contemporary-lista.[2] Songen nådde 14. plass på singellista i Storbritannia[3] og låg fire veker på andreplassen i Noreg og i alt 20 veker inne på Topp 10 på VG-lista. Songen har vorte ein av kjenningsmelodiane til Diamond og han spelar ofte songen på konsertane sine.

«Song Sung Blue» vart nominert for to Grammy Award i 1973, for beste innspeling og for årets song.[2] Begge desse prisane gjekk derimot til Roberta Flack si utgåve av Ewan MacColl-songen «The First Time Ever I Saw Your Face».

Diamond skildra «Song Sung Blue» i plateomslaget til samlealbumet In My Lifetime i 1996, som «ei særs grunnleggande melding, enkel. Eg skreiv ikkje ein gong eit mellomspelt til denne. Eg venta aldri at folk skulle reagere på «Song Sung Blue» slik dei gjorde. Eg berre likar han, meldinga og dei få orda seier så mykje.»[2]

Songen inspirerte tittelen til ein dokumentar frå 2008 om ein Neil Diamond-etterliknar som var gift med ein Patsy Cline-etterliknar.[4]

Song sung blue
Everybody knows one

Neil Diamond (1972)

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andy Williams gav ut ein versjon i 1972 på albumet hans, Alone Again (Naturally).

Sacha Distel spelte inn songen på fransk som «Chanson Bleue».

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Bronson, Fred (2003). The Billboard Book of #1 Hits, 5th Edition (Billboard Publications), page 314.
  2. 2,0 2,1 2,2 Hyatt, Wesley (1999). The Billboard Book of #1 Adult Contemporary Hits (Billboard Publications), page 108.
  3. UK Singles Chart info from chartstats.com Henta 28. august 2013.
  4. Song Sung Blue at IMDB

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]