Song to the Siren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Song to the Siren
Song av Tim Buckley
frå albumet Starsailor
Utgjeve Februar 1970
Innspelt 1969
Sjanger Folk
Lengd 4:36
Selskap Straight
Låtskrivar(ar) Larry Beckett, Tim Buckley
Produsent Tim Buckley

«Song to the Siren» er ein song skriven av Tim Buckley og låtskrivarpartnaren hans Larry Beckett og vart først gjeven ut på Buckley-albumet Starsailor i 1970. Han vart seinare gjeven ut på Morning Glory: The Tim Buckley Anthology.

Pat Boone var den første som gav ut ein versjon av songen, på albumet sitt Departure i 1969, altså før Buckley gav ut sin versjon. Songen er ein av dei mest kjende til Buckley, særleg etter at mange spelte han inn då Buckley døydde i 1975.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Songen vart skriven i 1967, men Buckley var misnøgd med dei første forsøka han gjorde på å spele han inn. Han kom til slutt ut på Starsailor tre år seinare. Fjernsynsserien The Monkees hadde med ein versjon av songen spelt av Buckley på 12-strengsgitar. Denne står i kontrast til den meir frodige, klangfyllte versjonen på albumet hans.

Songen referer til sirena som prøver å lokke sjømenn i havet i gresk mytologi. Sirena er ein mytisk vesen som er halvt kvinne, halvt fisk som syng vakkert for å villeie sjømennene og skipa deira.

Versjonen av This Mortal Coil[endre | endre wikiteksten]

Den mest kjende innspelinga av «Song to the Siren» er av This Mortal Coil. Han vart gjeven ut på singel i september 1983 og låg tre veker på den britiske singellista med ein 66. plass som høgaste plassering.[1]. Singelen selde derimot jamt og trutt og låg heile 101 vekerpå indie-lista i Storbritannia. Songen kom ut på albumet deira It'll End in Tears i 1984. Etter singelen kom ut vart Buckley igjen oppdaga på midten av 1980-åra.[2]

Denne versjonen vart nytta i David Lynch-filmen Lost Highway i 1997, men kom ikkje med på filmmusikkalbumet etter filmen. Lynch sa at This Mortal Coil-versjonen av songen inspirerte til dei to første albuma av Julee Cruise. Han hadde òg planlagt å nytte originalversjonen i filmen Blue Velvet, men fekk då ikkje løyve til dette.[3]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen er òg spela av Robert Plant, Susheela Raman, John Frusciante, Half Man Half Biscuit, Sinéad O'Connor, John Grant og Bryan Ferry.

Songen er òg spelt på konsertar av mange artistar, mellom andre George Michael[4] og David Gray[5].

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «This Mortal Coil single: Chart performance». Arkivert frå originalen den 2008-10-22. http://web.archive.org/20081022133116/www.chartstats.com/songinfo.php?id=11087. Henta 29. mars 2011. 
  2. «The Rough Guide to Rock». Arkivert frå originalen den 2008-02-26. http://web.archive.org/web/20080226071147/http://www.timbuckley.net/articles/tim.htm. Henta 29. mars 2011. 
  3. The City of Absurdity: David Lynch's Blue Velvet
  4. Sullivan, Caroline (29. mars 2011). «George Michael Live at Wembley review The Guardian». London. 
  5. «David Gray official discography». http://www.davidgray.com/music/discography/AThousandMilesBehind.aspx. Henta 29. mars 2011.