Songarar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Songarar


Svarthovudsongar, Sylvia melanocephalaFoto: Andreas Trepte
Svarthovudsongar, Sylvia melanocephala
Foto: Andreas Trepte

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Sylviidae
Slekter
  • Sjå teksten

Songarar, Sylviidae, er ein biologisk familie av små sporvefuglar. Songarar finst som hekkefugl i «den gamle verda», og hovudsak i Europa, Asia og, i mindre grad i Afrika. Dei fleste fuglane i tempererte regionar er sterke trekkfuglar, med overvintring i Afrika og i tropisk Asia.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Kjønna er ofte identiske, men kan vere klårt ulike hos somme artar, særleg i slekta Sylvia. Dei er små til medium i storleik, varierande frå 9 til 16 centimeter i lengd, med eit lite, fint kvast nebb. Nesten alle artane er først og fremst insektetande, sjølv om nokre òg et frukt, nektar, eller små frø.[1]

Dei fleste artane er monogame og byggjer enkle, koppforma reir i tett vegetasjon. Dei legg mellom to og seks egg per kull, avhengig av art. Begge foreldra vil vanlegvis hjelpe med omsut for ungane, ungane er i stand til å flyge rundt to veker gamle.[1]

Systematikk[endre | endre wikiteksten]

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Ved byrjinga av 1900-talet, hadde omtrent kvar kjende insektetande «songar» i «den gamle verda» på eit eller anna tidspunkt vorte plassert i familien Muscicapidae, flugesnapparar, og dei fleste heldt fram i den plasseringa. Muscicapidae var den gongen rekna som eit stort oppsamlingstakson og Sylviidae vart på eit tidspunkt skilt ut frå Muscicapidae.

Først etter midten av 1900-talet byrja oppdelinga av tidlegare «stor-Muscicapidae» for alvor. Likevel heldt Sylvidae fram som ein stor familie, med få klåre kjennelege slektskapsmønstre. Men slett ikkje så uklårt som i Timaliidae, timalar, eit anna oppsamlingstakson med meir trastliknande artar, og grensene mellom grupper frå tidlegare «stor-Muscicapidae» var mykje uklåre. Dei hovudsakleg sørlege songfuglane i familien Cisticolidae, grassongarar, vart tradisjonelt inkludert i Sylviidae. Fuglekongar, ei lita slekt i ein monotypisk familie Regulidae, vart òg ofte plassert i Sylviidae. American Ornithologists' Union (AOU) har dessutan hatt inne myggetarar som ein underfamilie innanfor Sylviidae.

På slutten av 1900-talet vart Sylviidae tenkt å samle nesten 300 små insektetande fuglar i nær 50 slekter.

Sibley & Ahlquist (1990) sameinte Sylviidae, timalar og andre grupper i ein superfamile Sylvioidea som følgje av studiar i DNA-DNA hybridisering. Dette viste at det opphavlege Muscicapidae-taksonet i utgangspunktet var definert som eit formtakson som samla heilt urelaterte songfuglar. Følgjeleg var det sett spørsmålsteikn omkring monofyli i dei einskilde «songfugllinjene».

Seinare har det blitt samla informasjon for studiar av Sylvioidea. I 2003 viste ein studie av Timaliidae relasjonar (Cibois 2003a) ved hjelp av data frå DNA at Sylviidae og Timaliidae ikkje var gjensidig monofyliske til kvarandre. Dessutan viste det seg at slekta Sylvia, typegenus i Sylvidae, viste seg vere nærare taksa som gulaugetimal, Chrysomma sinense, tradisjonelt halden for å vere ein atypisk timaliid, og chaparralfugl, Chamaea fasciata, ein gåtefull art generelt halden for å vere einaste timal i Amerika. Buttnebb, tidlegare rekna som ein familie Paradoxornithidae («rare fuglar») med uklårt slektskap var òg ein del av det som tilsynelatande var ein karakteristisk klade.

Cibois foreslo at Sylviidae offisielt skulle fjernast som takson og slekta Sylvia fusjonerast inn i Timaliidae (Cibois 2003b), men det stod att tvil om dette, og det var naudsynt å studere eit breitt spekter av taksa. Dette vart starta opp av Beresford et al. (2005) og Alström et al. (2006). Dei synte at Sylviidae, slik taksonet var på slutten av 1900-talet, samla minst fire, kanskje så mykje som sju store distinkte linjer. Forfattarane la derfor framlegg om skiping av fleire nye familiar for betre å reflektere den evolusjonære historia til sylvioid-gruppa.

Dei nye familiane er:

Familien Sylviidae, på sin side, får fleire taksa inn frå andre familiar. Likevel har den no monofyliske familien krympa mykje, det står att ca. 32 artar i 2 slekter.[2]

Seinare endringar i Sylviidae[endre | endre wikiteksten]

Songarfamilien og timalfamilien er under stor endring, i 2009 for eksempel, blei følgjande endringar gjort til versjon 6.4 av Clementslista:[3]

Flytting ut frå Sylviidae 2009[endre | endre wikiteksten]

  • Slekta Eremomela flytta inn i grassongarar, Cisticolidae.

Flytting inn i Sylviidae 2009[endre | endre wikiteksten]

Flytting ut frå Sylviidae 2011[endre | endre wikiteksten]

Vidare etter oppdateringar i 2011.[4]

Flytting inn i Sylviidae 2011[endre | endre wikiteksten]

  • Den splitta slekta Fulvetta med åtte artar inn i Sylviidae[9]

Seinare flyttingar[endre | endre wikiteksten]

Artslista[endre | endre wikiteksten]

Songarar i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.8 frå august 2013[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[10]

Slekt Parophasma

Slekt Sylvia ca. 31 artar «verklege eller typiske songarar»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Alström, P., Ericson, P. G. P., Olsson, U., & Sundberg, P. (2006). Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38 (2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015
  • Baker, K. (1997). Warblers of Europe, Asia, and North Africa. Helm ISBN 0-7136-3971-7.
  • Barker, F. K., Cibois, A., Schikler, P. A., Feinstein, J., & Cracraft, J. (2004): Phylogeny and diversification of the largest avian radiation. Proceedings of the National Academy of Sciences 101 (30): 11040-11045. doi:10.1073/pnas.0401892101 PDF fulltext Supporting information
  • Beresford, P., Barker, F. K., Ryan, P. G., & Crowe, T. M. (2005): African endemics span the tree of songbirds (Passeri): molecular systematics of several evolutionary 'enigmas'. Proc. Roy. Soc. Lond. B 272 (1565): 849–858. doi:10.1098/rspb.2004.2997 PDF fulltext Electronic appendix
  • Cibois, A. (2003a). Mitochondrial DNA Phylogeny of Babblers (Timaliidae). Auk 120 (1): 1-20. DOI: 10.1642/0004-8038(2003)120[0035:MDPOBT]2.0.CO;2 HTML fulltext without images
  • Cibois, A. (2003b). Sylvia is a babbler: taxonomic implications for the families Sylviidae and Timaliidae.Bull. B. O. C. 123: 257-261.
  • Cibois, A., Slikas, B., Schulenberg, T. S., & Pasquet, E. (2001). An endemic radiation of Malagasy songbirds is revealed by mitochondrial DNA sequence data. Evolution 55 (6): 1198-1206. DOI:10.1554/0014-3820(2001)055[1198:AEROMS]2.0.CO;2 PDF fulltext
  • del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. (editors). (2006). Handbook of the Birds of the World. Volume 11: Old World Flycatchers to Old World Warblers. Lynx Edicions. ISBN 849655306X.
  • Ericson, P. G. P. & Johansson, U. S. (2003). Phylogeny of Passerida (Aves: Passeriformes) based on nuclear and mitochondrial sequence data. Molecular Phylogenetics and Evolution 29 (1): 126–138 doi:10.1016/S1055-7903(03)00067-8 PDF fulltext
  • Fuchs, J., Fjeldsa, J., Bowie, R. C. K., Voelker, G., & Pasquet, E. (2006). The African warbler genus Hyliota as a lost lineage in the Oscine songbird tree: Molecular support for an African origin of the Passerida. Molecular Phylogenetics and Evolution 39 (1): 186-197. doi::10.1016/j.ympev.2005.07.020
  • Shirihai, H., Gargallo, G., & Helbig, A. J. (2001). Sylvia Warblers. Helm ISBN 0-7136-3984-9.
  • Sibley, C. G. & Ahlquist, J. E. (1990). Phylogeny and classification of birds. Yale University Press, New Haven, Conn.
  • Simms, E. (1985). British warblers. Collins, London. ISBN 0-00-219404-X.
  • Yamagishi, S., Honda, M., Eguchi, K., & Thorstrom, R. (2001). Extreme endemic radiation of the Malagasy Vangas (Aves: Passeriformes). Journal of Molecular Evolution 53 (1): 39-46. doi:10.1007/s002390010190 (HTML abstract)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Perrins, C. (1991). Forshaw, Joseph. ed. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. ss. 192–194. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. 2,0 2,1 Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, and D. Roberson (august 2013) (CSV), The eBird/Clements checklist of birds of the world: Version 6.8, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/overview-august-2013/, henta 3. november 2013 
  3. The Clements Checklist, Updates & Corrections - Dec 2009
  4. The Clements Checklist, Updates & Corrections - Aug 2011 Henta 27. oktober 2012
  5. Clements et al 2011 - African Warblers (Macrosphenidae)
  6. Clements et al 2011 - side 435, Neumann's Warbler Hemitesia neumanni
  7. Clements et al 2011 - Motacillidae side 436
  8. Clements et al 2011 - sidene 496 og 509 og
  9. Clements et al 2011 - sidene 507-509
  10. Syvertsen, et al 2008

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]