Songen Desperado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Desperado
Song av Eagles
frå albumet Desperado
Utgjeve 17. april 1973
Innspelt Tidleg 1973
Sjanger Softrock
Lengd 3:33
Selskap Asylum
Komponist Glenn Frey, Don Henley
Tekstforfattar Glenn Frey, Don Henley
Låtskrivar(ar) Glenn Frey og Don Henley
Produsent Glyn Johns

«Desperado» er ein ballade av Eagles, eit amerikansk band. Songen er skriven av bandmedlemmane Glenn Frey og Don Henley. Han vart først gjeven ut i 1973 på albumet Desperado, og sidan på mange samlealbum, men vart ikkje gjeven ut som singel.

«Desperado» vart rangert på 494. plass på lista til Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene i 2004, men var ute av den oppdaterte lista i 2010. Songen var ein del av episode 7 i sesong 8 av Seinfeld, då kjærasten til Elaine vert djupt rørt kvar gong songen kjem på radio. Medlemmar av Western Writers of America valde songen som ein av dei 100 beste western-songane gjennom tidene.[1]

Don't you draw the queen of diamonds, boy
She'll beat you if she's able
You know the queen of hearts is always your best bet

Frey og Henley (1973)

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein norsk tekst vart skriven av Arve Sigvaldsen, framleis med tittelen «Desperado». Denne vart spelt inn av Gro Anita Schønn i 1976 på albumet hennar Ta meg som jeg er.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Western Writers of America. «The Top 100 Western Songs». American Cowboy. Arkivert frå originalen 23. desember 2014. Henta 8. februar 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]