Songen Invisible Touch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Invisible Touch
Singel av Genesis
frå albumet Invisible Touch
B-side The Last Domino
Utgjeve 19. mai 1986
Innspelt The Farm, Surrey, oktober 1985 - mars 1986
Sjanger Poprock, New Wave
Lengd 3:27
Selskap Atlantic
Vertigo
Låtskrivar(ar) Tony Banks, Phil Collins, Mike Rutherford
Produsent Genesis, Hugh Padgham
Genesis-kronologi
«Taking It All Too Hard»
(1984)
Invisible Touch «Throwing It All Away»
(1986)
-kronologi
«Jesus He Knows Me» (Live)
(1992)
Invisible Touch «Tell Me Why"
(1993)

«Invisible Touch» er tittelsporet på Genesis-albumet med same namn frå 1986. Det er den mest suksessrike singelen til bandet og den første singelen deira som nådde toppen av singellista i USA.[1] Han nådde fjerdeplassen i Canada, men berre 15. plass i Storbritannia.[2]

B-sida til singelen var andre delen av «Domino», kalla «The Last Domino».

Historie[endre | endre wikiteksten]

«Invisible Touch» kom til kring ein jam for den andre delen av «Domino», Rutherford spelte eit riff medan Collins improviserte linja «She seems to have an invisible touch». Han vart spelt inn i The Farm i Surrey i 1984, 1985 og 1986.

Sommaren 1986 var t«Invisible Touch» ein populær singel som gjekk heilt til topps på Billboard Hot 100 og tok over topplasseringa etter «Sledgehammer» av tidlegare Genesis-frontmann Peter Gabriel.

Singelen nådde òg toppen av den amerikanske Mainstream rock tracks-lista.

Konsertversjonar[endre | endre wikiteksten]

Konsertopptak av «Invisible Touch» finst på albuma The Way We Walk, Volume One: The Shorts og Live over Europe 2007, samt DVDane Genesis Live at Wembley Stadium, The Way We Walk - Live in Concert og When in Rome 2007.

«Invisible Touch» vart framført på alle turneane til Genesis frå 1986 til 2007.

Eit konsertopptak frå 1991-1992 vart òg gjeven ut som singel, og i motsetnad til den originale singelen, nådde denne versjonen 7. plass på lista i Storbritannia.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Dean, Maury (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 317. ISBN 0-87586-207-1. 
  2. Genesis UK chart history, The Official Charts Company. Henta 30. september 2012.