Songen Magical Mystery Tour

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Roll up, roll up for the Mystery Tour.

«Magical Mystery Tour» er ein song av The Beatles og opningssporet på albumet Magical Mystery Tour frå 1967. Albumet var filmmusikk til ein fjernsynsfilm med same namn og i motsetnad til dei andre temasongane frå dei fire tidlegare Beatles-filmane, så vart ikkje songen ein like stor hit.[1]

Songen er skriven av Lennon/McCartney[2]

Innspelinga av songen starta 25. april 1967, mindre enn ei veke etter siste innspelingsdag for Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band. Utgåva ein kan høyre i filmen er noko annleis, først og fremst i introduksjonen som er spelt inn på nytt og litt utvida.

Andre utgåver[endre | endre wikiteksten]

«Magical Mystery Tour» har vorte spelt på plate eller på konsertar av fleire andre band, mellom anna Cheap Trick, Type O Negative og Ambrosia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Melding av «Magical Mystery Tour». Vitja 8. februar 2009.
  2. Barry Miles (1997) Paul McCartney: Many Years From Now, s. 352–353 – Henry Holt & Company, New York. ISBN 0-8050-5249-6.